I veke 45 og 46 vil skulen gjennomføre årets elevundersøking. Undersøkinga er eit høve for elevane til å gje tilbakemeldingar om læring og trivsel ved skulen. Svarene vil bli brukt av skulen og fylkeskommunen til å gjere skulemiljøet og undervisninga betre.
Tema i undersøkinga er: trivsel, motivasjon, arbeidsforhold og læring, heim-skule-samarbeid, støtte fra lærarar, vurdering for læring, medverknad, skulereglar, skulemiljø og rådgjeving.
Utprøving i vidaregåande skule
I veke 43 og 44 ser me fram til å ta i mot omlag 270 elevar frå 10. klasse som vil prøva ut dei ulike utdanningsprogramma våre. Det kjem elevar frå Bremnes ungdomsskule, Moster skule, Nordbygdo ungdomsskule, Tysnes skule, Nysæter ungdomsskule, Rimbareid barne- og ungdomsskule og Stord ungdomsskule. Me trur utprøving er med på å gjera elevane best mogleg rusta til å ta gode utdanningsval.
Den nynorske barne- og ungdomsbokfestivalen Falturiltu hadde i år invitert Marit Kaldhol som festivalforfattar. Til liks med tidlegare år hekta Stord vgs seg på og fekk forfattaren til å kome innom skulen for å bli bokbada av elevane. Denne gongen var det VG1-elevar som tok seg av utspørjinga i sofakroken på scena.
Katrin Eldholm (nummer to frå høgre på biletet av dei norske deltakerane), som på fritida er med i Sveio Drilltropp, var nyleg med på å vinne gullmedalje i EM Majoretts 2019. Meisterskapen gjekk av stabelen 10.-13. oktober i Lignano, Italia. Troppen frå Sveio gjekk heilt til topps i klassen "Baton Flag Team Senior", som er ei heilt ny grein innanfor drillsporten i Europa.