Sommarskulen

Sommarskulen er eit gratis tilbod til elevar og lærlingar i offentleg vidaregåande opplæring.  Vi har undervisning i matte, og norsk for elevar med eit anna morsmål og kort butid i landet.

I år blei sommarskulen arrangert i tida frå måndag 24. juni til fredag 5. juli, alle kvardagar frå kl. 8.30-14.

Kven kan melde seg på

Tilbodet om sommarskule gjeld for deg som er elev i offentleg vidaregåande opplæring i Hordaland, og lærlingar/søkjarar til læreplass som treng matematikken frå Vg1.

Kva fag kan du få undervisning i

Vi tilbyr undervisning i:

  • Matematikk for yrkesfag med eksamen - i Bergen, Knarvik og Stord. Knarvik har tilbod om overnatting, men berre for dei som ikkje kan reise til og frå kvar dag
  • Matematikk for studiespesialiserande utan eksamen - i Bergen
  • Norskkurs utan eksamen for elevar med eit anna morsmål og kort butid i landet  – i Bergen

Slik melder du deg på

Vi legg ut lenke til påmelding på denne sida i mars/april 2020. Når du har meldt deg på, og det nærmar seg oppstart, vil du bli kontakta og gitt meir detaljert informasjon.

Gratis

Tilbodet om sommarskule er gratis. Du får frukost og lunsj kvar dag.

Samarbeidspartere

Sommarskulen er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune og Røde Kors.

Lærarar vil vere ansvarlege for undervisninga, med støtte frå frivillige frå Røde Kors.

Ta kontakt for meir informasjon
Profilbilde av Petter De Presno Borthen
Petter De Presno Borthen
96942933