Korleis kan internett bli ein god stad for barn og unge?

Barnevakten og mobbeombodet i Hordaland inviterer til halvdagsseminar i samarbeid med EU-prosjektet Safer Internet.

Safer Internet Day (SID) er ei årleg internasjonal markering som set lys på trygg og ansvarleg bruk av digital teknologi, spesielt for barn og unge. Vi markerer dagen i Bergen for første gong, saman med blant anna Røde Kors og Redd Barna.

Målgruppe

Seminaret er ope for alle som er interessert i barn og unge sitt digitale liv, det er særleg relevant for føresette og profesjonelle som arbeider med barn og unge.

Info om møtet

Dette er eit godt høve til å lære meir om aldersgrenser og sosiale medium, kvifor unge deler bilde og korleis ein i kommunane kan arbeide for trygge digitale oppvekstmiljø.

Program

  • Kva gleder og utfordringar møter barn og unge på nett i Bergen og Hordaland? - Roger Valhammer (Ap) - skolebyråd i Bergen, mobbeombod Mari-Kristine Morberg og fagleg leiar i Barnevakten Kjellaug Tonheim Tønnesen
  • Korleis forheld vi oss til aldersgrenser på appar, spel og i sosiale medium - Mari Velsand - Direktør i Medietilsynet
  • "Viss du liker meg, må du dele eit bilde" - Presentasjon av Redd Barna sin nye rapport om ungdom, nakenbilde og delekultur.
  • Dialog og oppsummering

Anna relevant informasjon

Deltaking er gratis og frukost er inkludert.

Det er plass til maks 120 personar.

Dagleg leiar - Barnevakten
Leif Gunnar Vestbøstad Vik
94810746