RULL-midlane

Gjennom tilskotsordninga Rekruttering, likestilling og utvikling i landbruket (RULL) du søke om midlar til utviklingstiltak innan landbruket i Hordaland. Det er eit overordna mål at ordninga skal bidra til å styrkje lønsemda i Hordlandslandbruket, auke produksjon på lokale ressursar og betre rekrutteringa til landbruket

Viktige prioriteringar

  • Leggje til rette for livslang læring for Hordalandsbonden.
  • Jobbe aktivt for å synleggjere landbruket som karriereveg for ungdom og bidra til å auke rekrutteringa til utdanningsprogramma innafor produksjonsretta naturbruk.
  • Stimulere til at fleire vel landbruksrelatert, høgare utdanning.
  • Betre omdømmet til næringa og få fram gode døme på unge bønder som lukkast.
  • Stimulere til auka verdiskaping i verdikjeda for frukt og bær og for landbruksprodukt generelt, og auke i berekraftig produksjon av mjølk og kjøt.

Aktuelle søkjarar

Kommunar, organisasjonar, lag og institusjonar med brei lokal eller regional forankring.

Kven kan ikkje søke:

  • Enkeltbønder, enkeltforetak, bedriftar og etablerarar: bedriftsstøtte og etablerarar vert forvalta av Innovasjon Noreg.
  • Privatpersonar kan ikkje søkje om støtte.

Søknadsfristar

Søknadsfristar er 15. april og 15. oktober (årleg).
Det vert fatta vedtak i løpet av mai og november i søknadsåret.

Søknadar som vert sendt inn etter fristen, vert i hovudsak handsama i forbinding med første påfølgjande søknadsrunde.

 

 

 

 

Krav til søknaden

Søknadar skal sendast inn elektronisk gjennom det nettbaserte søkesystemet Regionalforvaltning.no og skal innehalde:

  • Ein omtale av tiltaket det søkjast om støtte til, inkludert målsettingar for tiltaket og relevans for formålet med tilskotsordningar.
  • Plan for gjennomføring, medrekna aktivitetar, tidsplan, organisering og samarbeidspartnarar.
  • Forventa resultat.
  • Budsjett for prosjektet/tiltaket, inkludert finansieringsplan.
  • Søknadssum.
  • Andre relevante opplysningar søkjar meiner er viktige for søknaden og andre opplysningar som er spesifisert i kunngjøringa.

Søkjar skal opplyse til tilskotsforvaltar om føretaket har mottatt offentleg støtte, og eventuelt etter kva avgjerd, for det inneverande året og dei to siste regnskapsåra.

Vilkår for tildeling

Det kan søkjast tilskot til prosjekt/tiltak som oppfyller følgjande kriteriar:

  • Er i tråd med fylkeskommunen sine mål og strategiar for distrikts- og regionalpolitikk.
  • Kan synleggjere distrikts- og regionalpolitisk verksemd.
  • Har god kvalitet og kor søkjar har gjennomføringsevne.
  • Tilskotet skal ha utløysande effekt. Det er ikkje tilstrekkeleg at tilskotet medverkar til å oppretthalde eit tilbod.
  • Det vert oppmoda til at alle kurstilbod gjerast kjent på www.landbrukskurs.no

Midlane kan ikkje dekke

  • drift av næringsverksemd eller organisasjonar.
  • kausjon eller anna økonomisk garanti.
  • direkte eller indirekte investeringar i verksemder sin eigenkapital.
  • renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekt.
  • drift av eller investeringar i statlige, fylkeskommunale og kommunale lovpålagte oppgåver utført av fylkeskommunen, kommunen eller andre.
  • å avsette midlar til uspesifiserte fond. Delegerte midlar til kommunar og regionråd, eventuelt andre forvaltarar vert ikkje rekna som fond. 
  • politikkførebuande aktivitetar internt hos forvaltar eller i regi av forvaltar, medrekna kjøp av tenester i samband med utforming av nye tiltak og lovpålagte eller eigeninitierte plan- og strategiprosesser.

Bruk av midlane skal forankrast i Temaplan for landbruk i Hordaland 2018 - 2022 (pdf)

Profilbilde av Heidi Bjønnes Larsen
Heidi Bjønnes Larsen
99613868