Søk om refusjon
Last ned PDF-skjema for å søke om refusjon. Hugs å legge ved kvittering.
Sendefrist: tre månader etter reisetidspunkt
Last ned skjemaDersom du får godkjent søknad om refusjon overfører samferdselsavdelinga 85 prosent av turkostnadene til TT- brukaren sin bankkonto og trekkjer tilsvarande sum frå TT- kontoen.
For å få refusjon av drosjereiser føreset det at:
- du har gyldig godkjenning i transportordninga ved reisetidspunktet
- du har dekning på TT-kortet ved reisetidspunktet
- reisa finn stad i Hordaland fylke
Du kan få refundert drosjereiser dersom:
- TT- kortet ikkje verkar
- du har mista kortet
- du ennå ikkje har motteke nytt TT-kort
- kortet er feilaktig sperra eller inaktivt
- drosjen ikkje får kontakt med TT-kortet på kortterminal
Du kan ikkje bruke søknad om refusjon av drosjeutgifter som erstatning for TT-kort dersom kortet verkar. Du kan berre søke om du oppfyller kriteria over.
Frist for å sende inn søknadsskjema
Samferdselsavdelinga oppmodar om å sende inn søknadsskjema og kvitteringar snarast etter reistetidspunktet har funne stad, og seinast innan tre månader. Du kan samle opp fleire kvitteringer og sende dei inn samla.
Slik søkjer du
Du kan søkje om refusjon av drosjeutgifter ved laste ned skjema (Sjå blå boks på denne sida) og sende inn kopi eller originalkvitteringar til:
Hordaland fylkeskommune, samferdselsavdelinga
Pb 7900
5020 Bergen.
Merk konvolutten TT- kvittering.