Søk høgare kvote på TT-kort

Kven kan søke om høgare kvote?

Du som er godkjent brukar av TT-kort i Hordaland, men har fått endra helsetilstanden etter at vedtak vart gjort, kan søke om høgare kvote på TT-kortet.

Dette gjeld dersom du er blitt avhengig av rullestol/spesialbil eller blitt blind/sterkt svaksynt, eller det er andre tilhøve som tilseier at du har rett på høgare kvote.

For å bli registrert som sterkt svaksynt må du ha ein visus på 0,1 eller lågare på begge augo. Det må dokumenterast med ein legeerklæring som du kan laste opp som vedlegg i søknaden.

Slik søkar du

Send søknad og legeerklæring samla for å få raskare saksbehandling. Klikk på lenka i den blå boksen. 

Profilbilde av Kontakt samferdselsavdelinga
Kontakt samferdselsavdelinga
55 23 93 63