Søk om TT-kort for fritidsreiser

Funksjonshemma i Hordaland kan få støtte til fritidsreiser med drosje med TT-kort.

Kven kan søkje om å bli godkjent som brukar?

  • Ordninga gjeld personar over 10 år som er fast busett i Hordaland og som på grunn av sjukdom eller funksjonshemming ikkje kan nytte buss.
  • Rullestolbrukarar og blinde/sterkt svaksynte er prioriterte i ordninga, men andre med nedsett mobilitet kan og søkje.
  • Funksjonsnedsettinga må venteleg vare i minst 2 år.

Kva kan du søkje om?

Du kan søkje om fritidsreiser med drosje eller spesialbil (bil utstyrt for transport av rullestolbrukarar).

Korleis søkjer du?

Søknaden består av to skjema: Søknadsskjema og legeerklæring. Du fyller sjølv ut søknadsskjema. Det er viktig at du grunngjev kvifor du ikkje kan nytte offentleg transport. Legeerklæringa skal fyllast ut og underteiknast av lege. Begge skjema må vere fylt ut før søknaden blir handsama. Send skjema samla til fylkeskommunen:

Hordaland fylkeskommune
Samferdselsavdelinga
Postboks 7900
5020 Bergen

Fyll ut søknadsskjema

Søknadsskjema må du fylle ut sjølv. Du må snakke med legen din, for å få fylt ut legeerklæringa. Begge skjema må vere fylt ut før søknaden blir behandla. Vi rår til at desse blir sendt saman til fylkeskommunen.

Søknadsskjema

Legeerklæring

Les personvernerklæring

Kven behandlar søknaden?

Fylkesdirektør samferdsel gjer vedtak i saka på grunnlag av ei tilråding frå den fylkeskommunale legenemnda. Du vil få melding om vedtak i saka så snart den er ferdig behandla. Får du avslag kan du klage til den fylkeskommunale klagenemnda.

Godkjenning som brukar

Som brukar av transportordninga får du eit elektronisk TT-kort. Godkjenning som brukar av transportordninga for funksjonshemma blirt gjeve for 2 eller 5 år om gongen.

Påfylling av TT-kortet

Alle som får TT-kort får ein fast sum på kortet. TT-kortet blir fylt opp automatisk to gonger i året: 1. januar og 1. juli. TT-kortet skal vare i fleire år og det blir ikkje sendt ut nytt kort før påfylling. Unytta kvote blir overført ved kvoteskiftet 1. juli. Unytta kvote blir ikkje overført ved årsskiftet 1. januar.

 

Kvotebeløp

Godkjente brukarar av transportordninga får inntil vidare tildelt følgjande kvotar til fritidsreiser:

Grunnkvote kr. 5500,- pr. år
Blinde/sterkt svaksynte (under visus 0,1) kr. 7500,- pr. år
Rullestolbrukarar med manuell rullestol kr. 7500,- pr. år
Rullestolbrukarar med elektrisk rullestol eller som treng spesialbil

kr. 9500,- pr. år

 

Som elektrisk rullestol i denne samanheng blir ikkje å rekna «overbygde rullestolar», kraftige offroad-rullestolar til utandørsbruk eller scootarar. 

Brukarar som bur meir enn 20 km frå næraste servicesenter (post/butikk etc) får eit tillegg på kr. 1000 pr. år.

Korleis bruke tt-kortet?

  • Du må sjølv bestille drosje
  • Du må vise tt-kortet til sjåføren innan turen startar, for å sikre at kortet er gyldig og at det er nok penger på kortet
  • Når turen er over, må du betale minst 15 prosent av turens totalbeløp i eigenandel. Resten av turkostnaden blir trekt av tt-kortet. 

Dersom kortet ikkje virker kan du bestille nytt tt-kort.

Profilbilde av Kontakt samferdselsavdelinga
Kontakt samferdselsavdelinga
55 23 93 63