Arbeidskøyring

Funksjonshemma som har varig tilrettelagt arbeid (VTA) kan søkje om tilskot til transport mellom heim og arbeid.

Desse kan søkje om stønad til transport til og frå arbeid

  • Varige uføretrygda personar som deltek i eit varig tilrettelagt arbeid (godkjent VTA-plass) og som treng særskilt tilrettelagt transport til og frå arbeid.
  • Søkjar må vere godkjent TT-brukar.
  • Søkjar må ha varige forflytningsvanskar som medfører at han eller ho ikkje kan reise til og frå arbeidet med vanleg offentleg transport.
  • Reisa må føre til så store belastningar at det ikkje er rimeleg å krevje at ein skal nytte offentleg transport.

Slik søkjer du

 

  • Søknaden består av søknadsskjema med samtykkeskjema, og skjema for arbeidstider
  • Du fyller sjølv ut søknadsskjema. Det er viktig at du grunngjev kvifor du ikkje kan nytte buss eller anna offentleg transport
  • Du må leggje ved stadfesting frå arbeidsgjevar at du har godkjend VTA-plass
  • Alle skjema må vere fylt ut før søknaden blir behandla
  • Du fell utanfor ordninga dersom du har fått bil gjennom folketrygda

Send søknaden til

Hordaland fylkeskommune,
Samferdselsavdelinga
Postboks 7900
5020 Bergen.

Søknadskjema for arbeidskøyring

Søknadsskjema og samtykkeskjema for arbeidskøyring

Skjema for arbeidstider

Slik blir søknaden behandla

Fylkesdirektør for samferdsel i Hordaland fattar vedtak i saka. Du vil få melding om vedtak i saka så snart den er ferdig behandla. Du kan klage på eit eventuelt avslag til samferdselsavdelinga i fylkeskommunen.

Eigendel

Du må betale eigendel for slik transport. Eigendelen er kr 500,- pr. mnd, og vert redusert med kr 100,- pr. dag når du arbeider redusert tid.

Spørsmål?
Profilbilde av Runa Stokke Brogstad
Runa Stokke Brogstad
48881646