TT-kort og arbeidskøyring
Utdrag frå retningslinjene
Innbyggjarar i Hordaland som på grunn av sjukdom eller funksjonshemming ikkje kan nytte det offentlege rutetilbodet, kan søkje om å bli godkjent som brukar av transportordninga.
Les retningslinjeneFunksjonshemma i Hordaland kan få økonomisk støtte til reiser. Dette gjeld personar som ikkje kan nytte det ordinære kollektive rutetilbodet. For desse kan vi tilby tilrettelagt transport med drosje eller spesialbil. Ordninga skal ikkje erstatte eit dårleg eller manglande kollektivtilbod.
Du kan få økonomisk støtte til fritidsreiser med drosje. Søknad sendast Hordaland fylkeskommune. Du får då eit TT-kort til betaling av reisa. TT-kort til fritidsreiser blir prioritert blinde, sterkt svaksynte og faste rullestolbrukarar. Personar med sterkt nedsett mobilitet kan og søkje.
Personar som har TT-kort og har tilrettelagt arbeid (VTA) kan og søkje om støtte til arbeidskøyring. Personar med varig funksjonshemming som har ordinært arbeid må søke støtte frå NAV til arbeidskøyring.
Tenester
-
Arbeidskøyring
Søk om arbeidskøyring for deg med godkjent VTA-plass
-
TT-kort for fritidsreiser
Alt om TT-kort. Her kan du og søkje om TT-kort
- Kva er saldoen min på TT-kortet?
-
Bestille nytt TT-kort
Dersom du har mista eller fått øydelagt TT-kortet
Aktuelle saker handsamast i utval for miljø og samferdsel.
Sjå heile oversikta