Tilskot til trygg skuleveg, Hjertesone og punktutbetring

Kommunar i Hordaland kan søkje tilskot på inntil 5 millionar kroner til fysiske trafikksikringstiltak knytt til trygg skuleveg, Hjertesone og punktutbetring.

Kven kan søkje?

Alle kommunar i Hordaland kan søkje om støtte. Kommunen må også stå som søkjar for Hjertesone-tiltak.

Kva kan kommunane søkje om?

For føremål «Trygg skuleveg og Hjertesone» kan de søkje tilskot til:

  • fysiske tiltak for trygg skuleveg på fylkesvegnettet
  • fysiske Hjertesone-tiltak i skulen sin randsone, både på kommunal veg og fylkesgveg

For føremål «Punktutbetring» kan de søkje tilskot til:

  • punktutbetringstiltak på fylkesvegnettet
  • utbetring av eksisterande fylkesveg, inkludert utbetring og etablering av tilbod til mjuke trafikantar

Vurderingskriterium

Vi vurderer etter desse kriteria:

  • Tiltaka vert vurdert etter i kva grad dei bidrar til Hordaland fylkeskommune sine satsingsområde innan trafikksikring. Dei mest relevante satsingsområda er:
    • Møte- og utforkøyringsulykker utanfor tettbygde strøk
    • Mjuke trafikantar i regionsenter og langs skuleveg

  • Tiltaka vert vurdert ut frå eit kost-/nytteperspektiv. I dette inngår:
    • Fagleg vurdering av trafikksikkerheitsverknaden
    • Behovet for å gjennomføra trafikksikringstiltak på aktuell stad (ut frå risiko)
    • Venta kostnad ved tiltaket
    • Om mange eller få vil dra nytte av tiltaket (relativt sett)

  • Tiltaka vert vurdert etter kvaliteten på plangrunnlaget, og om det er realistisk å få gjennomført tiltaka innanfor plan- og tidsramma.
  • Tiltaka vert vurdert etter risiko for kostnadsoverskridingar, då større overskridingar skapar usikkerheit om tiltaka vil verta gjennomførte.

Det er ein føresetnad at kommunane rettar seg etter dei vilkår og retningslinjer som gjeld for tilskotsordninga.

Vilkår og retningslinjer for tilskotsordninga

Generelt

  • Kommunane må stå som søkjarar.
  • Tilskotsordninga gjeld for fysiske tiltak.

Forankring og grunnlag for søknaden

  • For tiltak som krev forundersøkingar (til dømes fotgjengartellingar ved ønskte kryssingspunkt, geotekniske undersøkingar, m.m.) må resultata av desse ligga føre ved søknadstidspunktet.
  • For tiltak som krev reguleringsplan, må vedtatt plan ligga føre ved søknadstidspunktet.
  • For tiltak som krev avklaring av grunntilhøve (eigedom), må dette, inkludert kostnadar for eventuelt grunnerverv e.l., vera avklart innan søknadstidspunktet.
  • Tiltak bør vera forankra politisk eller i plan, fortrinnsvis i gjeldande og oppdatert trafikksikringsplan.

Gjennomføring

  • For tiltak på fylkesveg kan kommunane be om at Statens vegvesen står for gjennomføring av tiltaket. Statens vegvesen må sjølve vurdera om dei har kapasitet til å ta ansvar for gjennomføring.
  • Kommunar som sjølve gjennomfører tiltak på fylkesveg, må gå i dialog med Statens vegvesen og retta seg etter krav og retningslinjer som gjeld gjennomføring av fysiske tiltak på fylkesveg. Kommunen må inngå gjennomføringsavtale med Statens vegvesen, som skal regulera gjennomføringa av tiltaket.
  • Kommunane er ansvarlege for gjennomføring av tiltak på kommunal veg.
  • Det vert opna for toårig gjennomføring. Det inneber at tiltak frå 2019-tildelinga kan verta ferdigstilt i løpet av 2020, under føresetnad av at det er klarert med fylkeskommunen.

Økonomi

  • Tilskotsordninga kan fullfinansiera tiltak, men også inngå som delfinansiering av tiltak.
  • Tilsegn om tilskot vert tildelt etter kostnadar eks. mva.  
  • Kommunane er ansvarlege for meirforbruk i høve til oppgitt kostnad i søknad.
  • Kommunane som gjennomfører tiltaka sjølve, er ansvarlege for handtering av meirverdiavgift.
  • For tiltaka der Statens vegvesen skal stå for gjennomføring vil fylkeskommunen løyva opp meirverdiavgifta. 

Rapportering og utbetaling

  • For tiltak der Statens vegvesen står for gjennomføringa, vil løyvingar og rapporteringar følgja etablerte prosedyrar.
  • Kommunane som står for gjennomføring av eigne tiltak må fylla inn rapporteringsskjema, levera prosjektrekneskap med endelege kostnadar og dokumentera tiltaket med før- og etterbilete. Utbetaling av tilskot vil skje så snart tiltaket er ferdigstilt, og rapporteringsskjemaet med vedlegg er sendt inn.
  • Om eit tiltak får mindre kostnadar enn skissert i søknaden, vert tildelt støtte redusert med tilsvarande prosentdel. I slike tilfelle får fullfinansierte tiltak framleis tilskot for heile sluttkostnaden (eks. mva).
  • Siste frist for å senda inn sluttrapport er 1. januar 2020. For tiltak der det er avklart at ferdigstilling skal skje i påfølgande år, er fristen 1. januar 2021.

Kontroll og revisjon

  • Hordaland fylkeskommune sin revisor kan gjennomføra kontroll med at tilskotet vert forvalta slik det går fram av søknad og vedtak.
  • Om tilskotsmottakar gir misvisande opplysningar, eller ikkje nyttar tilskotet i samsvar med vilkåra, vil tilskotet verta avkorta/inndratt.             

 

 

Kontakt
Profilbilde av Even Vaular