Tilskot til lokale trafikksikringsarrangement

Hordaland fylkeskommune gjev tilskot til lokale trafikksikringsarrangement til kommunar, skular, barnehagar, lag, foreningar og organisasjonar.

Målet med tilskotsordninga er å stimulere til trafikantretta tiltak i kommunane.

Kven kan søkje?

Alle kommunar i Hordaland, skular, barnehagar, lag, foreningar og organisasjonar kan søkje. 

Kva kan du søkje til?

Du kan søkje tilskot til å arrangere lokale trafikksikringsarrangement. Døme på arrangement som har fått støtte tidlegare er trafikksikringsdagar, sykkelopplæring og arrangement retta mot russ/vidaregåande elevar. Tilskotsordninga gjeld ikkje fysiske trafikksikringstiltak.

Kriterier for tildeling

  • Ved tildeling vektlegg vi trafikkfagleg kvalitet og kor sentralt haldningsskapande trafikksikringsarbeid står i arrangementet
  • Prioritet til trafikksikringsarrangement og trafikkopplæring i kommunar som inngår i Trafikksikker kommune-arbeidet
  • Prioritet til frivillige organisasjonar som driv med kontinuerleg og regionalt forankra trafikktryggleiksarbeid
  • VI vekllegg kor godt arrangementet treff fylkestrafikksikringsutvalet sine tre satsingsområde
  • Kor breitt eit arrangement når ut, vert vurdert opp mot storleiken på søknadssummen
  • Arrangementet skal finne stad i Hordaland
  • Du kan ikkje nytte tilskotet til administrative kostnader og andre driftsutgifter
  • Det er krav til eigendel på minimum 25 prosent dersom kostnaden til arrangementet overstig 30 000 kr
  • Det er mogleg å søke midlar til arrangement som blir gjennomført før sak om tildeling blir handsama politisk.
  • Tilskotsmottakarar skal rapportere på bruken av midlane
  • Fylkesrevisjonen kan setje i verk kontroll med at tilskotet er nytta slik det var føresett
  • Dersom tilskotsmottakar gjev misvisande opplysningar eller ikkje brukar tilskotet i samsvar med vilkåra vil tilskotet verte avkorta/inndrage.

Søknads- og rapporteringsskjema

Søknad om tilskot skjer via elektronisk søknadsskjema i blå boks på denne sida. Der skal du leggje inn formål med arrangementet og ein økonomisk plan for inntekter og utgifter.

Når arrangementet er ferdig, skal du fylle ut eit rapporteringsskjema, inkludert rekneskap. Utbetaling av tilskot skjer i etterkant av at vi har motteke rapporteringsskjema. Rapporteringsskjemaet finn du nedst på denne sida.

Om eigendel

Arrangement med ei kostnadsramme på over 30 000 kroner har krav om ein eigendel på minimum 25 prosent. I dei søknadane der det er sett krav til eigendel, må kostnadane ved eigendel kome tydeleg fram i søknadsskjemaet. Eigeninnsatsen (timar) må synleggjerast.

Personalkostnader/eigendel blir rekna ut etter ein timepris som utgjer 1,2 prosent av årslønn, maksimum 1100 kroner pr time. Dette inkluderer normale administrative kostnader og andre overheadkostnader. Tilskotmidlane kan ikkje dekke administrative kostnader og andre driftsutgifter.

Rapporteringsskjema for 2018 (pdf)

Rapporteringsskjema for 2019 (pdf)

Kontakt
Profilbilde av Eva Vinjevoll
Eva Vinjevoll