Handlingsplan for trafikksikring

Vi har en nullvisjon for trafikkulukker. Sjå ulukkesbarometer for Hordaland.

Handlingsplanen for trafikksikring er ein del av Investeringsprogram for fylkesvegnettet.

Alt trafikksikringsarbeid i Noreg er forankra i nullvisjonen. Denne visjonen inneber at vi ikkje kan vere nøgde før ingen mister livet eller blir hardt skadd i trafikken. Dette driv trafikksikringsarbeidet framover.

Utfordringane i Hordaland, målt gjennom ulukkesstatistikk, vedtekne strategiar innanfor transportområdet og grunnleggande demografiske endringar, er grunnlaget for definering av tre særskilte satsingsområde i handlingsplanperioden. Desse er: 

  • Trafikksikringsarbeid i kommunane
  • Møte- og utforkøyringsulykker utanfor tettbygde strok
  • Mjuke trafikantar i regionsenter og langs skuleveg

Eit ulukkesbarometer med oversikt over alle trafikkulukker i Hordaland blir utarbeidd kvart år.