Trafikksikring
Handlingsplan for trafikksikring
Handlingsplan for trafikksikring 2014-2017 skal vere retningsgivande for alt trafikksikringsarbeid i Hordaland.
Les handlingsplanenHordaland fylkeskommune er lovpålagt å ha eit særleg ansvar, og koordinerande rolle for trafikksikringsarbeidet i fylket.
Grunnlaget for trafikksikringsarbeidet er ein handlingsplan over fire år. Planen skisserer særskilde satsingsområde i perioden, og gjev oversyn over økonomiske rammer og fordeling av midlane.
Trafikkulykker er eit alvorleg samfunnsproblem. Hordaland har fleire ulukker enn gjennomsnittet i landet, og har store utfordringar knytt til å redusere både tal og omfang av trafikkulykker.
Fylkeskommunen har tre ulike tilskotsordningar til trafikksikring. To av ordningane er for kommunane i Hordaland, mens tilskotsordninga til lokale trafikksikringsarrangement kan både kommunar, skular, barnehagar, lag, foreningar og organisasjonar søkje på.
Tilskot og handlingsplan
-
Tilskot til mindre fysiske trafikksikringstiltak i kommunane
Søknadsfrist 1. januar
-
Tilskot til utarbeiding av kommunale trafikksikringsplanar
Søknadsfrist 1. mai
-
Tilskot til lokale trafikksikringsarrangement
Søknadsfrist 15. januar, 1. mai og 1. september
-
Handlingsplan for trafikksikring
Gjeld for perioden 2014-2017
-
Tilskot til trygg skuleveg, Hjertesone og punktutbetring
Kommunar kan søkje tilskot innan 25. februar
Aktuelle saker handsamast i utval for miljø og samferdsel.
Sjå heile oversikta