Søk på ledige selskapsvognløyve

Vi har fire ledige selskapsvognløyver i Hordaland med søknadsfrist 24. august 2018.

Målgruppe

Personar og verksemder som ønskjer å drive selskapsvogntransport i Hordaland kan no søke om selskapsvognløyve.

Prosessen for tildelinga

Søknadane vert gjennomgått ved utgangen av søknadsfristen, og søknaden vert kontrollert om den oppfyller krava (punkt 2). Søkarar som oppfyller krava kvalifiserer til å være med vidare i prosessen.  

Fylkeskommunen vil føreta ei heilskapleg vurdering av alle kvalifiserte søknader og vurdere kor godt dei skåra på eksklusivitet og selskapsvognprofil (punkt 3).

Krav til søknaden

Du må laste opp følgjande dokumentasjon som vedlegg til søknaden:

  • Politiattest (dersom søkaren er eit selskap skal attesten være for dagleg leiar)
  • Firmaattest (dersom søkaren er eit selskap)
  • Skatteattest
  • Attest frå konkursregisteret i Brønnøysund
  • Vitnemål for bestått eksamen frå taxiløyvekurset eller løyvekurs for gods- og persontransport godkjent av Samferdseldepartementet (ikkje naudsynt dersom søkaren allereie er innehavar av selskapsvognløyve). Dersom søkaren er eit selskap er det dagleg leiar som skal leggje fram vitnemål.
  • Detaljert informasjon om køyretøyet som skal nyttast (valet er bindande og kan ikkje endrast)
    • Modell
    • Årsmodell
    • Pris
    • Køyrte kilometer
    • Ekstrautstyr
    • Interiør
    • Info om køyretøyet frå forhandlar må leggjast ved. Dersom søkar er innehavar av køyretøyet allereie, må kopi av vognkortet leggjast ved.
    • Finansieringsbevis som viser at søkar har økonomisk kapasitet til å kjøpe valte køyretøy (eventuelt rekneskap, kredittvurdering/rating eller liknande)
    • Utfyllande informasjon om drifta av selskapsvogna og søkars forretningsidé. Inkludert informasjon om kundegrunnlag, dokumentasjon på eventuelle inngåtte avtalar om transporttenester, eventuelle samarbeidsavtalar med andre aktørar i næringa og liknande.

Attestane må ikkje være eldre enn 3 månader.

Vurdering av kriteria

For denne utlysinga er det valt to tildelingskriterium vekta innanfor ei ramme der eksklusivitet blir vekta 60 %, og selskapsvognprofil blir vekta 40 %. 

Eksklusivitet på køyretøyet vert vekta høgast, da kravet er lagt til grunn i lovgjevnaden. Ved vurderinga av eksklusivitet vert det lagt til grunn at retningslinjene for godkjenning av selskapsvognløyver i Hordaland er oppfylt.

Tildelingskriteria er delt inn i underkriterier. Vi føretek ei skjønnsmessig vurdering av underkriteria med poeng frå 1 (låg) til 10 (høg). Metoden er oversiktleg og poengutrekninga vil sikre at relevante forskjellar mellom søkarane vert spegla i poenga som vert gjeve.

Eksklusivitet vert evaluert og gjeve poeng ut i frå følgjande:

  • Bilmodell
  • Årsmodell (nyare bil gjev meir poeng)
  • Pris (dyrare bil gjev meir poeng)
  • Generell standard (tilleggsutstyr, køyrte kilometer, interiør)
  • Miljøprofil (utsleppstal, drivstofftype)

Selskapsvognprofil vert evaluert ut i frå følgjande:

  • Godt dokumentert forretningsidé (med info om selskapet og tilsette, kundegrunnlag, nisje, inngåtte intensjonsavtalar / avtalar om samarbeid)
  • Erfaring frå tilsvarande næring (referansar)

Søkarane vert satt opp på ei liste sortert på total skåre på køyretøy. Søkarane med køyretøy som står øvst på lista vert gjeve tilbod om løyve. 

Regelverk

Motorvogner som skal registrerast som selskapsvogn må være av eksklusivt materiell og registrert for høgst 9 personar. Motorvogna skal godkjennast av løyvestyresmakta, jf. yrkestransportforskriften § 1 bokstav d. Kva som vert omfatta av omgrepet "eksklusivt" vil variere over tid, og det ligg innanfor løyvestyresmakta sitt skjønn å til ei kvar tid vurdere kva som er omfatta av omgrepet.

Yrkestransportlova

Yrkestransportforskrifta

Retningslinjer for godkjenning av selskapsvogner i Hordaland fylkeskommune

Kontakt
Profilbilde av Gerd Eva Napsøy
Gerd Eva Napsøy
48893305
Spesialrådgjevar
Profilbilde av Nils Tore Eldegard
Nils Tore Eldegard
48991276