Søk løyve
Søknaden sendast til Hordaland fylkeskommune, Samferdselsavdelinga, Postboks 7900, 5020 Bergen
Inga søknadsfrist
SøknadsskjemaLøyve for transport av funksjonshemma er behovsprøvde. Fylkeskommunen bestemmer kva stad løyvehavaren skal ha stasjon. Verksemda skal drivast frå den staden som er fastsett i løyvet.
Den som søkjer løyve for transport av funksjonshemma må oppfylla dei generelle vilkåra som gjeld for løyvepliktig persontransport.
Vilkår for løyvet
Det er berre høve til å utføre transport av personar som på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming må nytte spesialtilpassa motorvogn, og personar som følgjer den funksjonshemma.
Motorvogna må vere spesielt utforma og/eller utstyrt for transport av funksjonshemma i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande reglar om tekniske krav til motorvogn som nyttast til løyvepliktig transport for funksjonshemma, jf. Forskrift om universell utforming av motorvogn i løyvepliktig transport mv.
Det er den lokale trafikkstasjonen i Statens vegvesen som kontrollerer køyretøyet.
Kunngjøring og fristar
Løyve for transport av funksjonshemma vert ikkje kunngjort og det er ingen søknadsfrist. Du søkjer på eige søknadsskjema. Søknaden vert vurdert ut frå behovet for denne type løyve.