Søk drosjeløyve
Drosjeløyve R-210 og R-211 i Odda er ledig. Det skal registrerast bil med inntil 9 sitteplasser på løyve. Løyve skal vere tilknytt Odda Taxilag As.
Send søknad med vedlegg skal elektronisk, sjå blå boks på sida.
Søkjarlista som blir utarbeidd på grunnlag av denne kunngjeringa, vil utgjere grunnlaget for tildelinga.
Søknadsfristen er 27. desember 2019.
Vi oppmodar kvinner til å søkje.
Bakgrunn
Hordaland fylkeskommune deler ut drosjeløyve. Det gir den som får løyvet rett og plikt til å drive persontransport utanfor rute mot vederlag med bil registrert for inntil 9 personar, eller med bil registrert for 10-17 personar tilrettelagt for rullestolstransport.
Det er berre mogeleg å søkje når eit drosjeløyve er ledig. Ledige drosjeløyve blir kunngjort i lokalpressa og lenger ned på denne nettsida. Du søkjer på eige søknadsskjema, som du finn i blå boks på denne sida.
Drosjeløyve blir tildelt på grunnlag av ansiennitet som fulltids drosjesjåfør eller på grunnlag av Hordaland fylkeskommune sitt skjøn. Søkjarane må oppfylle vilkåra.
Forslag til forskrift til miljøkrav til drosjenæringa i Hordaland
Reglement og styrarordning
Reglane for drosjeløyve er omtalt i yrkestransportlova og i yrkestransportforskrifta.
Drosjereglement for bergensområdet
Drosjereglement for Stord kommune
Styrarordning
Dersom ein løyvehavar på grunn av eigen alvorleg sjukdom eller skade blir mellombels ute av stand til å leie og drive drosjeløyve, kan han/ho søkje om styrarordning. Styrarordning blir godkjent for 1 år om gongen, maksimalt 3 år. Løyvehavar må søkje om fornying av styrarordning kvart år.