Tre ulike planprosessar

Statens Vegvesen har fått i oppdrag å planleggje heile strekninga frå Os til Bokn i Rogaland. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har ansvar for å gjere naudsynte planvedtak. Heile traseen er planlagt utbygd for fire-felts motorveg av høg standard.

Stord - Os 55 km

Planområdet dekkjer E39 mellom  Svegatjørn ved Ulven i Os og fram til Nordre Tveita i Stord kommune. Planprogram med tilråding om kva trasealternativ som skal utgreiast vidare, blei fastset av av Kommunal- og moderniseringsdepartementet desember 2015. Det er silt ned til to hovudalternativ, B og D, og to alternativ som er kombinasjonar av desse, E og F. Dei prinsipielle skilnadene ligg i:

  • to geografisk ulike kryssingar av Langenuen mellom Stord og Tysnes kommunar
  • kryssing gjennom Bårdsundet (med tunnelvariant) eller over Søreidsvika i Tysnes
  • tunnelløysing under- eller dagløysing over Søre Øyane i Os kommune

Dei to hovudalternativa og kombinasjonsalternativa skal utgreiast etter forskrift om konsekvensutgreiing etter pbl. og vurderast i ei samfunnsøkonomisk analyse.

Tema er:

  • Prissette konsekvensar (konsekvensar som kan kvantifiserast og verdsetjast i kroner). I tillegg til byggekostnader inngår mellom anna kostnader knytt til drift, vedlikehald, støy og luftforureining. Kostnadene blir vurdert opp mot nytten av tiltaket.
  • Ikkje-prissette konsekvensar (konsekvensar som verken kan eller bør verdsetjast i kroner) o Landskapsbilete o Nærmiljø og friluftsliv (irekna m.a. barn og unges interesser og folkehelse) o Naturmangfald o Kulturmiljø o Naturressursar
  • Andre samfunnsmessige verknader
  • Risiko- og sårbarheit

Statleg plan på kommunedelplannivå skal skal etter planen sendast på høyring og offentleg ettersyn rundt sommaren 2016.

Stord ca. 7 km (Heiane-Aadland/Nordre Tveita)

Strekninga som går forbi Leirvik blir planlagt som ein kommunedelplan. Kommunedelplan har vore på høyring. Statens vegvesen ønskjer alternativ 4 med dagløysing gjennom Landåsen, medan Stord kommunestyre ønskjer alternativ 5 med lang tunnell gjennom Landåsen.

Oppstart av byggjearbeidet på strekninga er avhengig av at prosjektet vert prioritert i Nasjonal transportplan 2018-27.

Bokn-Stord 70 km

Også på denne strekninga vil bli planlagt med motorveg med fire felt. Traseen vil i store trekk følgje dagens trase på strekninga. Arbeid med planprogram for strekninga er starta. 

Andre strekningar mellom Bergen og Stavanger

Svegatjørn-Rådal

Svegatjørn-Rådal vil gi ny fire-felts motorveg mellom Bergen og Os og ny tilkopling mot Flesland. Dagens køyretid utanom rushtida er på om lag 35 minutt, mens ny reisetid vil bli om lag 17 minutt. Byggestart var hausten 2015.

Rogfast

Prosjektet E39 Rogfast inneber kryssing av Boknafjorden og Kvitsøyfjorden nord for Stavanger med ein 25,5 km lang undersjøisk tunnell til Bokn. Reguleringsplanar er ferdige, og om prosjektet blir handsama i Stortinget hausten 2016, kan det bli oppstart vinteren 2017.