Tilknytingsvegar til E39

E39 endrar samferdselsstrukturen i Sunnhordland, og skapar nye mulegheiter for samhandling og kommunikasjon.

Moglegheitsstudie

Hordaland fylkeskommune ønskjer å ha ei aktiv rolle i arbeidet, og fekk  konsulentfirmaet Sweco saman med Oslo Economics til å utarbeide ein mulegheitsstudie for fylkesvegsamband med tilknyting til ny E39 mellom Bergen og fylkesgrensa til Rogaland.

Det vart vurdert alternativ for utvikling i området. Betre transportsamband og kortare reisetid gir grunnlag for auka regional utvikling som følje av at regionen vert meir integrert.

Ein av konklusjonane i rapporten er at det ikkje er knappheit på areal som avgrensar mogelegheiter for folkevekst i studieområdet. Nokre kommunar har mindre av lett byggbart og lite konfliktfylt areal å ta av enn andre, men med fortetting og opning for meir konsentrerte bustadstrukturar har alle kommunane areal nok til å ta imot ein stor folkevekst.

Ved å styre brorparten av folketalsauken inn mot regionale senter og ta øvrig folkevekst som fortetting krig etablerte lokale senter, er det mogeleg å konsentrere trafikkveksten om nokre sentrale aksar. Konsentrert trafikkvekst i nokre områder gjer det lettare å prioritere tiltak i fylkesvegnettet, og den relative nytta ved tiltaka vert større. Å konsentrere folkevekst vil òg opne for å ta ein auka del av trafikkveksten kollektivt, som i området i hovudsak vil seie buss.

Moglegheitsstudien vil danne grunnlag for fylkeskommunen og kommunane sine høyringsfråsegn til statleg plan for E39 Stord-Os, og vil også vere eit viktig innspel til anna planlegging som t.d. regional transportplan som er under rullering med sikte på vedtak i 2017.

Vedtak i fylkesutvalet

Fylkesutvalet i Hordaland handsama moglegheitsstudien 27. august 2015, og gjorde slikt vedtak:

  1. Fylkesutvalet tek moglegheitsstudie for fylkesvegar knytt til E39 Bergen-Rogaland til orientering, og ber fylkesrådmannen leggje den til grunn i det vidare arbeidet opp mot statleg plan for kommunedelplannivå for E39 Stord-Os, samt for neste rullering av Regional transportplan.
  2. Med ny E39 vil innfallsporten til Tysnes bli endra. Fylkesutvalet meiner det er særleg er behov for å sikre at Tysnes får ei best mogleg tilknyting frå E39 inn mot kommunesenteret Uggdal, og meiner at strekninga bør inngå som ein del av planlegginga av E39-prosjektet.
  3. Fylkesutvalet ber om at det i regi av det statlege planarbeidet for E39 Stord-Os blir starta eit arbeid med ei utgreiing av moglege konsept for bru mellom Reksteren og Austevoll med sikte på å leggje til rette for ei føremålstenleg kryssløysing på E39 på Reksteren.
  4. Fylkesutvalet meiner at innkorting av sambandet mellom Stord og Kvinnherad er sentralt for å utvikle Sunnhordlandsregionen, og ber fylkesrådmannen gå i dialog med Statens Vegvesen og Stord og Kvinnherad kommune om korleis dette kan løysast.
  5. Fylkesutvalet viser til tidlegare vedtak om Aust-vest-samband, og legg til grunn at tverrsamband mellom Fusa og Os, bru over Ålfjorden mellom Etnesjøen og ferjefritt samband mot Kvinnherad frå Tysnes eller Stord må vurderast som statleg vegprosjekt i ein KVU for strekninga Jøsendal-Bergen.
  6. Det må i planarbeidet for E39 og i Regional transportplan arbeidast med å utvikle ein effektiv kollektivstruktur som kan betre konkurransekrafta for kollektivtrafikken.
  7. Fylkesutvalet peiker på behovet å leggje til rette for ein positiv og berekraftig utvikling i Sunnhordland, og ønskjer å bidra med plankompetanse og plankapasitet til å bistå kommunane i viktige prosjekt knytta til tverrsambanda inn mot E39.
  8. Fylkesutvalet ber fylkesrådmannen ta kontakt med Rogaland fylkeskommune om å få utarbeida ein felles moglegheitsstudie for fylkesvegar knytt til E39 på strekninga Bokn-Stord.