Kvifor E39 Hordfast?

Kort reisetid, transportkorridor på Vestlandet, og felles bu- og arbeidsmarknad gjer at realisering av Hordfast er viktig.

Kort reisetid

Hordaland og Rogaland har til saman over ein million innbyggjarar. Ein utbygd E39 mellom Bergen og Stavanger vil gi ei reisetid på om lag to timar og 15 minutt mellom dei to byane.

Området blir knytt saman til ein kjeda bu- og arbeidsmarknadsregion langsetter kysten, og blir det einaste området som har eit befolkningsgrunnlag som er nesten like stort som Oslo-området. Det vil gjere området attraktivt for næringsliv og gje ein variert og attraktiv arbeidsmarknad for høgkompetent arbeidskraft.

Transportkorridor

Hordfast er ein viktig del av ein transportkorridor langs vestlandskysten og mot kontinentet. Dette er viktig særleg for transport av varer både internt på Vestlandet og vidare sørover til Europa. Ein utbygd E39 vil kunne avlaste mykje av trafikken som i dag skjer via Oslo-området mot kontinentet.

Felles bu- og arbeidsmarknad

Hordfast vil bidra til vekst og utvikling og gi store regionale effektar i Sunnhordland. Med ei forventa reisetid på om lag 50 minutt mellom Leirvik og Bergen sentrum i tillegg til gode tilkoplingar og vegsamband på fylkesvegnettet til E39, vil store delar av Tysnes, Fitjar, Stord og Austevoll kunne bli eit felles bu- og arbeidsmarknad med Os og Bergen sør.