Fakta om E39 Hordfast

Hordfast vil saman med Rogfast og andre vegprosjekt bli ein del av ein fire-felts samanhengande motorveg av høg standard mellom Bergen og Stavanger.

Halve tida til Stavanger

Reisetida frå Bergen til Stord vert om lag 50 minutt, mot 2,5 timar  i dag, og fullt utbygd vil det ta om lag to timar og 15 minutt mellom Bergen og Stavanger, ei halvering av dagens reisetid.

Strekninga startar ved Svegatjørn ved Ulven i Os, der bygging av ny E39 mellom Os og Rådal i Bergen starta opp hausten 2015. E39 vil krysse over Bjørnafjorden med ilandføring på Reksteren i Tysnes kommune. Vegen vil gå over Tysnes kommune og krysse over Langenuen til Stord. Det blir vurdert ulike trasealternativ over Tysnes, og to ulike alternativ for kryssing av Langenuen. Den vidare traseen sørover vil i all hovudsak følgje noverande trase for E39.

Vegen blir planlagd gjennom tre ulike planprosessar. Det er E39 Stord-Os, E39 Heiane-Ådland/Nordre Tveita i Stord kommune, og E39 Bokn-Stord (ikkje starta opp enno). Det er i tillegg planlagt ein undersjøisk tunnell under Boknafjorden mot Stavanger (Rogfast).

Vil ha Hordfast inn i neste rullering av NTP

Nasjonal transportplan (NTP) presenterer regjeringa sin transportpolitikk. Den tek sikte på å leggje grunnlaget for heilskaplege  politiske vurderingar, effektiv bruk av verkemiddel og styrka samspel mellom transportformene.

Stortinget si handsaming av NTP  fastset kva for samferdselsprosjekt som skal prioriterast i dei komande åra.

Transportetatane la fram Nasjonal transportplan 29. februar 2016. Hordfast er eit av få prosjekt i landet, og det einaste på Vestlandet, som viser positiv samfunnsnytte.  Det er utarbeide ei prioriteringa av prosjekt basert på ei rangering etter ei samfunnsøkonomisk analyse samt vurdering av samfunnssikkerheit, samanhengande standard og utbygging. På grunnlag av desse kriteria, ligg prosjektet inne med oppstart i 2024-29.

Ein rask byggjestart for E39 Hordfast krev at prosjektet blir prioritert i neste rullering av Nasjonal transportplan (2018-2027). Kontaktutvalet vil difor arbeide for at prosjektet blir prioritert i første del av planperioden.

Stortingsmelding om NTP blir lagt fram våren 2017 (februar/mars) med sikte på før sommaren 2017.

Er Hordfast lønsamt?

I samferdselsetatane sitt grunnlagsdokument er Hordfast (prosjektet Svegtjørn-Heiane) kostnadsrekna til 39 mrd. kr.  

Utrekningar viser at Hordfast vil vere eit lønsamt samferdselsprosjekt. Det er rekna til ei nettonytte på 1,4 mrd kr. 

Sjølv om nye kostnadsutrekningar visar høgare kostnader, vil eit stort infrastrukturtiltak som dette ha effektar utover dei som blir prissett i tradisjonelle transportmodellar. På oppdrag frå Statens Vegvesen har BI utarbeida ein rapport om næringsøkonomiske konsekvensar av fjordkryssingane langs E39.

Analysen kalkulerer dei økonomiske effektane av at jobbmarknader kjem nærare kvarandre og blir slått i saman. For Hordfast er det kalkulert at dette vil utløyse årleg næringsaktivitet for 3,5 mrd.

Finansiering av Hordfast

Kontaktutvalet for Hordfast har teke initiativ til å vurdere finansiering av Hordfast. Det er i hovudsak tre moglege finansieringskjelder:

  • Ferjeavløysingsmidlar
  • Statlege tilskot 
  • Bompengar

Det er pr dags dato ikkje avklart finansering av prosjektet.

Er Hordfast klima- og miljøvenleg?

Både ja og nei.

Hordfast vil venteleg føre til auka biltrafikk, noko som i seg sjølv vil føre til auka utslepp både lokalt og av klimagassar. Høg fart vil isolert sett òg bidra til auke av utsleppa. Utbygging av vegen vil og i seg sjølv medføre klimagassutslepp.

Samstundes fører mange svingar og bakkar til store utslepp, særleg frå tungtransport. E39 vil bli utforma med lite stigning og med ein stiv kurvatur, noko som er gunstig med omsyn til utslepp. Hordfast vil erstatte fleire ferjer, og mogleg også hurtigbåtar, noko som vil vere gunstig når det gjeld utslepp.

Grunnlaget for flytrafikk mellom Stavanger og Bergen vil nesten kunne bli borte dersom reisetida mellom dei to byane kjem ned i to timar og eit kvarter. Grunnlaget for flytrafikk mellom Bergen og Haugesund vil truleg falle heilt bort. Dette vil isolert sett betre klimarekneskapen.

I planarbeidet blir det arbeidd for å minske dei negative miljøeffektane av ny veg, både når det gjeld støy og forureining til luft, vatn og bakke.

Det er vesentleg å leggje til rette for ei samfunnsutvikling som minimaliserer klimagassutsleppa. Mellom anna kan det leggjast til rette for å utvikle gode kollektivsystem, som eit høgfrekvent busstilbod Bergen - Haugesund - Stavanger med gode tilknytingar til sidevegnettet. 

Hordaland fylkeskommune har saman med Rogaland fylkeskommune bedt om ei utgreiing for overordna kollektivstruktur Bergen - Stavanger.