Rassikring av fylkesvegar i Hordaland

Hordaland fylkeskommune har ansvar for rassikring av fylkesvegane i Hordaland

Det er stort behov for rassikring av vegane på Vestlandet. Statens vegvesen har rekna ut at det vil koste 12,4 milliardar kroner å rassikre fylkesvegane i dei tre vestlandsfylka. Riksvegane er kalkulert til 9,5 milliardar kroner. Totalt er behovet på Vestlandet 22 milliardar kroner, som er halvparten av det totale behovet for heile landet.

Hordaland fylkesting prioriterer kva vegar som skal rassikrast og kor mykje pengar som skal brukast. Fylkeskommunen får pengar over statsbudsjettet til rassikring. For perioden 2014 - 2017 er summen 308 millionar kroner. Ut frå dei statlege rammene til skredsikring så langt, vil det ta mange år før vegane er sikra. Fylkestinget kan prioritere skredsikringsmidlane til dei prosjekta som er mest viktig. Dersom dei statlege rammene ikkje er store nok,  kan fylkestinget utsetje prosjekt eller løyva eigne midlar.

Gjennomførte rassikringsprosjekt

Fleire rassikringsprosjekt er gjennomført i Hordaland dei siste åra. Fv 7 Folkesdalstunellen i Granvin (sikring av Haukanesberget) opna i november 2015. Fv 572 Torgilsbergtunellen i Ulvik (sikring av Torgilsberget/Eddagjelet) opna i september 2013. Det store rassikringsprosjektet som er i arbeid er Fv 7 Bjørgatunellen i Granvin (sikring av Lussandberget) som skal opne i november 2016.

Vegar som skal rassikrast er prioritert i to grupper: Høgt prioriterte og skredpunkt med middels risiko. Utrekningar syner at det vil koste 2,3 milliardar kroner å rassikre vegar i kategorien høgt prioriterte. Skredpunkt med middels risiko er kalkulert til 1,2 milliardar kroner. Men i begge kategoriane er det ein del vegar som ikkje er kostnadsrekna.

Nasjonal rassikringsgruppe

Hordaland er eitt av ni fylke som er med i ei nasjonal rassikringsgruppe. Fylkestingsrepresentant Benthe Bondhus representerer fylkeskommunen, med Mona Røsvik Strømme som vara. Målet til gruppa er at alle offentlege vegar i Noreg skal vere sikra mot ras innan år 2030. Gruppa arbeider gjennom høyringar i transport- og kommunikasjonskomitén på Stortinget, i dialogmøte med statsråd og departement, og i skriftlege uttalar mellom anna i etterkant av budsjettframlegg.