Ansvar for fylkesvegar

Det fylkeskommunale vegnettet er inndelt i to nivå: Overordna vegar og andre fylkesvegar.

Fylket sitt ansvar

Dei overordna vegane er dei største og som har mest trafikk. Alle dei andre fylkesvegane er i den andre kategorien. Denne inndelinga er utgangspunkt for prioritering av pengar til utbetring av vegane, vedlikehald og planlegging.

Fylkesvegnettet har fleire funksjonar og bind saman lokalsentra, kommunesentra og regionsentra. Årsdøgntrafikken (ÅDT) på fylkesvegnettet varierer mykje, frå 200 på sidevegnettet til over 20 000 på dei mest trafikerte strekningane kring Bergen.

Standarden på vegnettet varierer sterkt, frå gode, tofelts/firefelts vegar med god framkomst til smale og svinga vegar med redusert framkomst.  

Statleg og kommunalt ansvar

I tillegg til fylkesvegar, er det riksvegar og kommunale vegar i Hordaland. Statens vegvesen har ansvar for riksvegane og kommunane for kommunale vegar. Det er fire gonger så mange kilometer med fylkesvegar som med riksvegar i Hordaland.

Drift og vedlikehald av fylkesvegnettet

Hordaland fylkeskommune har ansvaret for drift og vedlikehald av fylkesvegane. Åtte driftskontraktar er inngått med leverandørar. Dei utfører arbeidet på vegner av fylkeskommunen.

Kontraktane gjeld normalt for fem år med opsjon på ytterlegare eitt år. Ein til to kontraktar blir lyst ut på anbod kvart år. Kontraktane som regulerer drifta av vegnettet er store, komplekse og aukande i omfang.

Manglande ressursar til drift og vedlikehald har over tid medverka til forfall av vegnettet som er kostnadskrevjande å rette opp. Med årlege løyvingar på noverande nivå til fast dekke (100 millionar kroner) vil det ta 15 år før alle fylkesvegar har fått nytt fast dekke.

Oversikt over fylkes- og kommunale vegar i Hordaland (pdf)

Oversikt over riksvegar i Hordaland (pdf)