Ferjesamband

Hordaland fylkeskommune har ansvar for 16 av dei 18 ferjesambanda i fylket.

Ein stor del av driftsbudsjettet til samferdselssektoren går til drift av ferjer, over 300 millionar kroner årleg. Sjølve drifta er konkurranseutsett, og eksisterande kontraktar går fram til 2016 og 2018. Sambanda blir idag operert av Norled, FosenNamson Sjø, BNR og Wergeland-Halsvik. Nye anbod skal lysast ut i år.