Drift og vedlikehald av fylkesvegar

Arbeidet med drift og vedlikehald av fylkesvegnettet er styrt gjennom ulike drifts- og fagkontraktar. Dei ulike kontraktane på drift og vedlikehald vert teke hand om gjennom sams vegadministrasjon, og det er Statens vegvesen som har inngått desse avtalane med entreprenørane på vegne av Hordaland fylkeskommune.

Drift er tiltak som frå dag til dag gjer at vegane kan dekka sin funksjon, medan vedlikehald er tiltak som skal ta vare på vegnettet på ein slik måte at vegane også i framtida kan tena sin funksjon.

Spørsmål knytt til drift og vedlikehald av fylkesvegnettet skal stillast direkte til Statens vegvesen.

Dokumenter