Fylkesvegar
Regional transportplan for Hordaland
Regional transportplan for Hordaland (RTP) vil først og fremst vere eit politisk styringsdokument og planleggingsverktøy for å bidra til ei positiv utvikling i Hordaland gjennom ein aktiv og heilskapleg samferdslepolitikk. Som ein del av gjennomføringa av RTP vil det også bli utarbeidd årlege handlingsprogram.
Regional transportplanHordaland fylkeskommune er den største vegeigaren i fylket, med ansvar for omlag 3000 kilometer veg. Hordaland er det fylket i landet som brukar mest pengar på vegane. Det blir brukt omlag 1,8 milliardar kroner årleg fordelt på drift, vedlikehald, investeringar, skredsikring, ferjer og miljøtiltak.
Hordaland er og det største bompengefylket i landet. Bilistane betalar i underkant av to milliardar kroner årleg.
I tillegg til fylkesvegane har Hordaland fylkeskommune ansvar for ferjesamband. Totalt er det 18 ferjesamand i fylket. Fylkeskommunen driftar 16 av desse. Halhjem-Sandvikvåg er staten sitt ansvar og Breistein-Valestrandsfossen er i privat regi.
Oversikt og rapportar
-
Rassikring
Sjå rapport om skredsikring
-
Ferjesamband
Sjå oversikt over ferjesambanda i Hordaland
-
Ansvar for fylkesvegar
Sjå oversikt over fylkesvegar i Hordaland
-
Årsmelding fylkesvegane
Hordaland 2018
-
Drift og vedlikehald
Strategi for drift og vedlikehald av fylkesvegnettet
-
Investeringsprogram for fylkesvegnettet
PDF
-
Rammeplan for avkøyrsler og byggegrenser
2017 - 2020
Aktuelle saker handsamast i utval for miljø og samferdsel.
Sjå heile oversikta