Rett til gratis utdanning

Voksne har rett til gratis vidaregåande utdanning, realkompetansevurdering og studierettleiing. Retten gjeld frå det året du fyller 25.

Du har voksenrett dersom du:

  • fyller 25 år eller meir det året du søker
  • ikkje har fullført vidaregåande utdanning tidlegare
    eller har vidaregåande utdanning frå eit anna land som ikkje er godkjent i Noreg
  • har fullført grunnskule eller tilsvarande
  • søker i heimfylket ditt (Hordaland)
  • har gyldig opphaldsløyve (gjeld minoritetsspråklege)

Vi vurderer om du har voksenrett når du søker.

Voksne under 25 år

Alle har rett til å fullføre vidaregåande opplæring. Er du under 25 kan du søke vanlig vidaregåande skule. Dette gjeld og dersom du har tatt utdanning i eit anna land og ikkje får den godkjent i Noreg. Det er også mogeleg å søke om voksenopplæring og dermed endre ungdomsretten til voksenrett etter § 4A-3.

Kontakt oss om du lurer på noko. Vi kan hjelpe deg å fullføre vidaregåande opplæring.

Fullføringsrett

Vaksne som har fått fått plass på vidaregåande opplæring har  rett til å fullføre opplæringsløpet. Dette gjeld sjølv om du ikkje har vaksenrett.

Kontakt ditt næraste Senter for voksenopplæring 

Bergen (yrkesfag)

Bergen (studiekompetansefag)

Sotra (alle fag)

Stord (alle fag)

Voss (alle fag)

Når du søker utdanning hos oss får du eit vedtak på om du har voksenrett eller ikkje frå senteret du søker til.

Utdanning tilpassa vaksne

Vi tilbyr gratis vidaregåande utdanning på deltid og heiltid. Utdanninga er tilpassa vaksne og kan føre fram til fagbrev, yrkes- eller studiekompetanse.

Undervisninga startar som regel i august eller januar. Alle kan søke, men vi prioriterer søkarar med vaksenrett ved inntak. Undervisninga er gratis for alle som får plass.

Vidaregåande utdanning for vaksne

Realkompetanse

Realkompetanse er summen av den kunnskapen du har samla deg gjennom arbeid, fritid og utdanning.

Ei realkompetansevurdering vil stadfesta kva kunnskap du har fra før og kva fag du treng opplæring i. Alle som får vurdert realkompetansen sin har rett på eit kompetansebevis.

Kontakt ditt næraste senter for vaksenopplæring med spørsmål om realkompetansevurdering. Har du vaksenrett er tenesta gratis.

Studierettleiing

Viss du har spørsmål om utdanning eller realkompetansevurdering kan du kontakte ditt næraste senter for vaksenopplæring og be om studierettleiing.

Grunnskule og norsk

Dersom du er voksen og har behov for opplæring i norsk eller behov for opplæring på grunnskule kan du kontakte kommunen din.

Kommunen du bur i kan tilby opplæring i grunnleggjande norsk. Kommunen kan òg vurdere realkompetansen din, gi grunnskuleopplæring og dokumentasjon på fullført grunnskule.

På denne sida kan du finne kommunen din.

Nye grupper med rett til gratis utdanning

Det er fleire nye grupper som får rett til gratis vidaregåande utdanning frå august 2017. Det er

  • Voksne under 25 år som står utan fullført vidaregåande opplæring
  • Voksne som har vidaregåande utdanning frå eit anna land, og som ikkje er godkjent i Noreg
  • Unge voksne som har gjennomført vgo i heimlandet, men ikkje får den godkjent i Noreg, vil ha ungdomsrett til vgo, som dei eventuelt kan søka om å få endra til vaksenrett etter § 4A-3.

Stortinget har vedteke lovendringa.

Spør oss

 

Send spørsmål til voksenopplæringa

Send oss eit spørsmål viss du lurer på noko. Vi svarer deg så snart vi kan.

Kontakt oss
Profilbilde av Kontakt voksenopplæringa
Kontakt voksenopplæringa
55 23 92 30