Utdanning for minoritetsspråklege

Vi tilbyr gratis vidaregåande utdanning for voksne. Utdanninga kan føre fram til fagbrev, yrkes- eller studiekompetanse.

Du kan søke utdanning innan yrkesfag eller studiespesialiserande fag. Har du gyldig opphaldsløyve har du same rett til vidaregåande opplæring som norske statsborgarar.

Kan du norsk?

Du bør kunne snakke, lese og skrive norsk for å ta vidaregåande utdanning. Det er fordi undervisninga og eksamen er på norsk.

Migranorsk

Alle minoritetsspråklege søkarar blir testa i Migranorsk. Testen  gir ein peikepinn på om du kan norsk godt nok til å fullføre. Vi rår deg til å lære meir norsk før du går i gang med utdanninga dersom testen viser at du ikkje kan nok norsk.

Norskopplæring

Opplæring i norsk kan du få i heimkommunen din. Ein jobb eller praksisplass i arbeidslivet kan òg vere ein god måte å lære språket på. Erfaring frå yrket er dessutan eit krav for å ta fagbrev som praksiskandidat.

Finn kommunar i Hordaland

Du må ha grunnskule

For å søke om vidaregåande utdanning må du ha fullført grunnskule.

Grunnskule

Du kan kontakte kontakte kommunen du bur i med spørsmål om grunnskule- og norskopplæring. Kommunen kan gi deg opplæring og dokumentasjon på fullført grunnskule. Dei kan òg vurdere realkompetansen din.

Har du ikkje fullført grunnskule tidlegare har du rett til gratis opplæring.

Utdanning og praksis frå eit anna land

Dersom du vil bruke yrkeserfaring eller vidaregåande utdanning frå eit anna land må du ha godkjent dokumentasjon på norsk eller engelsk. Har du ikkje slik dokumentasjon kan vi vurdere realkompetansen din. Kontakt ditt næraste Senter for voksenopplæring.

Godkjenning av  fag- og yrkesopplæring

NOKUT etablerer ein nasjonal ordning for godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring på vidaregåande nivå. Søking for dei fyrste landa og fagområda opnar hausten 2016. Deretter vil det være ein gradvis innføring av nye land og fagområde.

Høgare utdanning

Fagleg godkjenning av høgare utdanning skjer ved den einskilde lærestaden. Les meir på nettsida til NOKUT. Der kan du òg finne informasjon og råd om godkjenning av annan utdanning.

Du må ha generell studiekompetanse for å søke høgare utdanning i Noreg. Du må dessutan dekke krav til norsk og engelsk og ha riktig dokumentasjon. Ta gjerne kontakt med den aktuelle utdanningsinstitusjonen med spørsmål om korleis du kan søke.

Dersom du har utdanning frå eit anna land som ikkje er godkjent i Noreg, kan du ha vaksenrett.

Er du minoritetsspråkleg?

Du er minoritetsspråkleg dersom du ikkje har eitt skandinavisk språk som morsmål.

Spør oss

Send spørsmål til voksenopplæringa

Send oss eit spørsmål viss du lurer på noko. Vi svarer deg så snart vi kan.

Kontakt oss
Profilbilde av Kontakt voksenopplæringa
Kontakt voksenopplæringa
55 23 92 30