Generell studiekompetanse

Skal du studere ved universitet eller høgskule? Då må du ha studiekompetanse. Vi tilbyr faga du treng.

Fag som startar i januar 2020

Bergen Katedralskole startar opplæring for vaksne i studiekompetansefag i januar 2020. Følg lenka og send elektronisk søknad direkte til Senter for voksenopplæring ved skulen.

Fag til studiekompetanse, Bergen Katedralskole

Søknadsfrist er 15. november. Søkarar med vaksenrett blir prioriterte. 

Skuleåret 2020-21

Vi tilbyr gratis opplæring i faga du treng for å ta generell studiekompetanse som vaksen. Les meir og søk via nettsida til senteret som tilbyr utdanninga. Du kan søke eitt eller fleire fag.

  • Norsk
  • Engelsk
  • Matematikk
  • Naturfag
  • Samfunnsfag
  • Historie 

Bergen Katedralskole tilbyr studiekompetanse for voksne over eitt år.

Sotra vidaregåande skule,  Stord vidaregåande skule og Voss gymnas kan du som voksen ta studiekompetanse over 2 år.

Frist for å søke plass i august er 1. april. Søkarar med vaksenrett blir prioriterte.

Søk i Bergen

Ved Bergen Katedralskole kan du ta alle faga på eitt år, eller søke einskildfag. Undervisninga startar i august, og du kan studere på dagtid eller kveld.

Søk Sotra, Stord eller Voss

På Sotra, Stord og Voss kan du søke via vigo.no. Undersøk med det einskilde senter kva fag som startar i august.

Kven kan søke?

Vi prioriterer søkarar med vaksenrett, men alle kan søke. Undervisninga er gratis for alle som får plass. Vi tek atterhald om nok søkarar med vaksenrett.

Søknadsfrist

  • 15. november for fag som startar i januar.
  • 1. april. for fag som startar i august.

Kombinerer jobb og utdanning

Henry tar generell studiekompetanse på kveldstid ved Senter for voksenopplæring, Bergen Katedralskole.

Studiekompetanse for voksne (23/5-regelen)

Du kan ta generell studiekompetanse etter 23/5 regelen dersom du oppfyller desse krava:

  • 23 år eller eldre det året du søker
  • kan dokumentere fem år med utdanning / praksis
  • har bestått dei seks studiekompetansefaga:
    Norsk, engelsk, matematikk, naturfag, historie og samfunnsfag

På samordna opptak kan du lese om opptakskrav og poeng når du søkar høgare utdanning. Du kan melde deg opp for å ta fag som privatist.

Fordjuping i realfag

Har du bruk for R1, R2 eller F1 kan du undersøke om Høgskulen på Vestlandet har realfagskurs. Dei tilbyr dessutan eittårig forkurs til ingeniørutdanning for deg som har yrkesutdanning og praksis.

Kontakt ditt næraste Senter for voksenopplæring dersom du har spørsmål om vidaregåande utdanning eller generell studiekompetanse.

Bergen

Bergen katedralskole

Bergen katedralskole tilbyr studiekompetansefaga fag for voksne. 

Du kan og søke om nettbasert undervisning i eitt eller fleire fag. Ver merksam på at nettundervisning krev stor sjølvdisiplin.

Sotra

Du kan undersøke om Sotra vgs tilbyr studiekompetansefaga for voksne.

Sotra vidaregåande skule

Stord

Stord vidaregåande skule

Voss

Voss gymnas

Spør oss

Send spørsmål til voksenopplæringa

Send oss eit spørsmål viss du lurer på noko. Vi svarer deg så snart vi kan.

Kontakt
Profilbilde av Kontakt voksenopplæringa
Kontakt voksenopplæringa
55 23 92 30