Slik søker du

Voksne kan søke om vidaregåande utdanning og realkompetansevurdering.

Kan eg søke?

Utdanninga rettar seg mot vaksne som ikkje har fullført vidaregåande skule tidlegare, og har såkalla voksenrett. Andre kan søke og få tilbod om ledige plassar. Undervisninga er gratis for alle som får plass.

Korleis søker eg?

Skal du søke til Bergen katedralskole må du søke via elektronisk søknadskjema som du kan finne på nettsida deira. Til andre skular kan du søke gjennom vigo.no.

Søknadsfrist er 15. november og 1. april.

Søketips i vigo.no

  • Bruk MinID eller annan godkjent identifikasjon
  • Søk voksenopplæring / realkompetansevurdering
  • Hugs å krysse av for fylke, fag og skule
  • Skriv kva utdanning og arbeidserfaring du har (CV)

Søkjarhandbok i vigo.no (pdf)

Lurer du på korleis du skal søke i vigo.no? Då kan du ha nytte av denne rettleiinga:

Søk i vigo trinn for trinn

Kva dokumentasjon må eg sende?

Vi treng slik dokumentasjon for å handsame søknaden din:

  • CV
  • Attestar frå arbeidserfaring
  • Vitnemål og karakterutskrifter
  • For minoritetsspråklege: Gyldig opphaldsløyve

Dokumentasjonen må du sende direkte til det senteret der du søker utdanning.

Behandling av søknad

Det er senteret du søker til som behandlar søknaden og sender ut skriftleg svar i form av eit einskildvedtak.

Søknaden blir behandla når senteret har fått dokumentasjon på CV, utdanning, arbeidserfaring og eventuelt opphaldsløyve. Dokumentasjonen skal du sende direkte til vaksenopplæringssenteret der du søker plass.

Kontakt senteret om du ikkje har fått svar på søknaden din innan fire veker.

Klage på vedtak

Du kan klage på einskildvedtaket.

Klagen skal du stile til fylkesmannen i Hordaland og sende til voksenopplæringssenteret som fatta vedtaket.

Frist for å klage er normalt tre veker etter at du har mottatt skriftleg svar på søknaden din. 

Du kan søke utdanning og realkompetansevurdering

Du kan søke vidaregåande opplæring og realkompetansevurdering. Alle tenester er gratis for deg med voksenrett.

Sjå alle fagtilboda våre 

Les om vurdering av realkompetanse

Søk via nettsidene til senteret

Du kan sende elektronisk søknad direkte til senteret som tilbyr utdanninga.

Elektronisk søknadsskjema og informasjon om opplæringstilbodet kan du finne på nettsidene til det einskilde voksenopplæringssenteret. Ta gjerne kontakt med senteret viss du har spørsmål om opplæringa eller lurer på kva utdanning du skal velje.

Finn ditt næraste senter for voksenopplæring

Kontakt oss
Profilbilde av Kontakt voksenopplæringa
Kontakt voksenopplæringa
55 23 92 30
Rådgjevar
Profilbilde av Stig Aasland
Stig Aasland