Kurs og utdanning - voksenopplæring

Vi tilbyr gratis vidaregåande opplæring for voksne. Undervisninga kan føre fram til fagbrev, yrkes- eller studiekompetanse.

Vidaregåande utdanning for vaksne

Vi tilbyr teorien du treng for å ta fagbrev eller generell studiekompetanse som vaksen. Les meir om korleis du søker og kva dokumentasjon du må sendeSøkarar med voksenrett blir prioriterte. Bergen Katedralskole bruker eige søknadsskjema. Til andre skular kan du søke via vigo.no.

Fag som startar i januar 2020 

Reinhaldsoperatørfaget Vg3, Sotra vgs 

Fag til studiekompetanse, Bergen Katedralskole

Søknadsfrist 15. november for fag soms tartar i januar.
Søkarar med vaksenrett blir prioriterte, men alle kan søke.

Fagtilbod 2020-21

Fag som startar i august 2020.

Søk innan 1.april for fag som startar i august.

Vi prioriterer søkarar med vaksenrett, men alle kan søke. Du kan søke via nettsida til senteret som tilbyr faga eller via lenka på denne sida. Det er senteret som handsamer søknaden. Utdanninga er gratis for alle som får plass.

 

Bruk retten din til å fullføre vidaregåande opplæring gratis. Vi tilbyr yrkesfag og studiekompetansefag.

Kven kan søke?

Utdanninga rettar seg mot vaksne som ikkje har fullført vidaregåande utdanning tidlegare, og har  lovfesta rett til gratis vidaregåande opplæring, såkalla voksenrett. Alle kan søke, og undervisninga er gratis for alle som får plass. Søk via nettsida til senteret som tilbyr utdanninga (nedanfor).

Opplæring på deltid

Erfaren, men ufaglært? Vi tilbyr teorien til fagbrevet på deltid over eitt år, 1-2 dagar / kveldar i veka. Utdanninga passer for deg som vil ta fagbrev som praksiskandidat. Du kan òg ta studiekompetansefag på deltid.

Full opplæring - for deg utan arbeidserfaring

Vi tilbyr full opplæring over fleire år i utvalde fag. Informasjon om opplæringa kan du finne på nettsidene til senteret som tilbyr faget.

Opplæring saman med lærlingar

Vi tilbyr gratis opplæring for vaksne saman med lærlingar i yrkesfag der det er mogleg. Meir informasjon kan du finne på nettsida til sentra som tilbyr utdanninga. Dette gjeld for deg som har lang erfaring frå yrket og skal ta fagbrev som praksiskandidat. Det er eit krav at du har nok relevant yrkespraksis

Undervisning for vaksne

Undervisninga i dei fleste kurstilboda er komprimert og basert på at deltakarane har erfaring frå yrket.

Opplæringa kan elles variere frå individuell rettleiing til større og meir tradisjonell utdanning. Opplegget skal så langt mogleg vere tilpassa den einskilde sin arbeids- og livssituasjon.

Har du voksenrett kan du òg søke opplæring i fag som ikkje står på lista. Vi tilbyr dessutan gratis vurdering av realkompetanse for deg som har voksenrett.

Voksne har rett til gratis vidaregåande opplæring frå dei fyller 25 år

Arbeidserfaring

Undervisninga er komprimert og bygger på at deltakarane har erfaring frå yrket. Yrkeserfaring må du sjølv skaffe.

Eit tips kan vere å kontakte opplæringskontoret for yrket ditt, eller å ta kontakt med bedrifter som er godkjente lærebedrifter i faget. Oversikt over dette kan du finne på Vilbli.no

Finn lærebedrifter og opplæringskontor i Hordaland

Ta fagbrev som praksiskandidat

Du kan ta fagbrev som praksiskandidat viss du kan:

  • dokumentere om lag 5 år med allsidig erfaring frå yrket
  • dokumentere bestått tverrfagleg eksamen i lærefaget (VG3-nivå)

Teoriopplæringa vi tilbyr fører fram til tverrfagleg eksamen i lærefaget på Vg3-nivå. Som praksiskandidat er du friteken for fellesfaga.

Ta fagbrev som praksiskandidat

Ta studiekompetanse

Du må ha studiekompetanse for å søke høgare utdanning på universitet eller høgskule.

Du kan ta studiekompetanse etter 23/5-regelen frå det året du fyller 23. Då treng du dei seks studiekompetansefaga: Norsk, engelsk, matematikk, naturfag, historie og samfunnsfag.

Studiekompetanse for deg over 23 år

Finansiere utdanning

Voksne som får stønad frå NAV må undersøke med sitt NAV-kontor om stønaden held fram under opplæring.

Dei fleste utdanningstilboda våre er på deltid, ein til to gonger i veka, og kan kombinerast med jobb. Du kan og søke om støtte hos Lånekassen.

Søk støtte hos Lånekassen

Spør oss

Send spørsmål til voksenopplæringa

Send oss eit spørsmål viss du lurer på noko. Vi svarer deg så snart vi kan.

Kontakt oss viss du ikkje kan finne lærefaget du ønsker. Har du voksenrett tilpassar vi opplæringa til din arbeids- og livssituasjon så langt mogleg. Kontakt ditt næraste senter for voksenopplæring med spørsmål om dette.

Voksenopplæring
Profilbilde av Kontakt voksenopplæringa
Kontakt voksenopplæringa
55 23 92 30