Ta fagbrev som praksiskandidat

Har du erfaring frå eit yrke, men er  ufaglært? Då kan du ta fagbrev / sveinebrev som praksiskandidat.

Du kan ta fagbrev som praksiskandidat viss du kan:

  • dokumentere om lag 5 år med allsidig erfaring frå yrket
  • dokumentere bestått teorieksamen i lærefaget (VG3-nivå)

Ta teorien til fagbrevet

Manglar du teorien til fagbrevet? Vi tilbyr gratis teoriopplæring for voksne som fører fram til teorieksamen i lærefaget. Oversikt over faga kan du finne her.

Gratis teoriopplæring for vaksne

Du kan og lese sjølv og melde deg opp til teorieksamen i lærefaget som privatist.

Ta eksamen som privatist

Meld deg opp til fagprøve

Med bestått eksamen og relevant praksis frå yrket kan du melde deg opp til fag- eller sveineprøve. Det gjør du hos fagopplæringskontoret som og godkjenner praksisen din. Fagbrev / sveinebrev får du når fagprøva er gjennomført og bestått.

Meld deg opp til fagprøve

Kva er fagbrev /sveinebrev?

Eit fagbrev / sveinebrev er dokumentasjon på at innehavaren har den kompetansen som er omtalt i læreplanen for faget.

I dei tradisjonelle handverksfaga heiter dette sveinebrev, medan du kan ta fagbrev eller yrkeskompetanse i andre lærefag.

Praksis i lærefaget

Du kan ta fag- eller sveineprøve som praksiskandidat på grunnlag av allsidig erfaring frå yrket (viser til Vg3-læreplanen).

Du må sjølv skaffe deg erfaring frå yrket. Liste med godkjente lærebedrifter og opplæringskontor kan du finne på vilbli.no 

Praksistida skal vere om lag 25 prosent lengre enn læretida i faget, 5 år i dei fleste faga. Som praksiskandidat er du friteken for krav om fellesfag. Merk at du kan få fråtrekk i praksistida om du likevel fullfører fellesfaga.

Fleire vegar til fagbrev

Alternative vegar til fagbrev er å

Vaksne kan ta fagbrev under ordninga full opplæring i bedrift. I denne ordninga teiknar du lærekontrakt for fire år og får opplæring i bedriften. Undervisning i fellesfaga (norsk, engelsk, matematikk, naturfag og samfunnsfag) får du som regel på ein vidaregåande skule.

Lenke til fleire vegar til fagbrev

Vegen vidare

Du kan gå vidare på fagskole, ta meisterutdanning eller ta høgare utdanning på universitet eller høgskole.

Fagskulane i Hordaland tilbyr helsefaglege, tekniske og maritime fag. Du kan og ta studiekompetanse og søke høgare utdanning på høgskule eller universitet.

Fagskulane i Hordaland

Studiekompetanse med yrkesfag

Spør oss

Send spørsmål til voksenopplæringa

Dersom du ikkje får opna epostane nedanfor kan du sende oss eit spørsmål her om du lurer på noko. Vi svarer deg så snart vi kan.

Opplæringslova

Praksiskandidatordninga er regulert i opplæringslova § 3-5.

Les om praksiskandidatordninga hos Utdanningsdirektoratet

Spørsmål om teoriopplæring (Vi svarer ikke på epost i ferien)
Profilbilde av Kontakt voksenopplæringa
Kontakt voksenopplæringa
55 23 92 30
Spørsmål om eksamen
Profilbilde av Kontakt eksamenskontoret
Kontakt eksamenskontoret
55 23 95 55
Spørsmål om fagprøve
Profilbilde av Kontakt fagopplæringskontoret
Kontakt fagopplæringskontoret
55 23 99 00