Årsrapport 2017, vaksenopplæring

Vidaregåande opplæring, realkompetansevurdering og studierettleiing for vaksne.

Nøkkeltal for vaksenopplæring 2017

  • 1150 nye kursplassar i 2017
  • 400 praksiskandidatar, mot 600 i 2016
  • 40.000 hordalendingar i alderen 20-49 år har grunnskule som høgaste utdanning

Færre praksiskandidatar

Det var 1150 nye kursplassar i 2017, fordelt på inntak våren 2017 og hausten 2017. Ein reduksjon på 19 % sidan førre år. Tidlegare har den yrkesfaglege utdanninga retta seg mot ufaglærte tilsette som tar fagbrev som praksiskandidat. I 2017 ser vi ein nedgang i kursplassar på om lag ein tredel for denne gruppa. Samstundes aukar talet på vaksne som ikkje har tilstrekkeleg yrkeserfaring til å ta fagbrev som praksiskandidat. Denne gruppa har behov for full opplæring over 2 år.

Noko av årsakene til nedgangen i kursplassar er at fellesfaga inngår som ein integrert del av opplæringa for vaksne som får full opplæring, medan det tidlegare vart oppgitt som eigne kursplassar.

Voss gymnas med framoverlent VO-senter

Voss gymnas overtok 1. august den viktige oppgåva med å tilby vidaregåande utdanning til vaksne i indre region av Hordaland. Tidlegare var tenesta knytt til den vidaregåande skulen, men er no nyetablert på Voss gymnas med fleire tilsette. Framleis held senteret til på Vatle, men i august 2018 flytter dei til nye lokale i Voss gymnas.

voss 1.jpg

God stemning på nyetablerte Senter for voksenopplæring ved Voss gymnas: Frå venstre ser me rådgjevarane Andrid Solaas, Tone Handegård (primus motor for vo-senteret tidlegare) og Terje Lydvo. Til høgre senterleiar og assisterande rektor Håvard Styve.

Les artikkelen: Voss gymnas med framoverlent VO-senter

5 senter for vaksenopplæring i Hordaland

Stort behov for vaksenopplæring

18% av gruppa mellom 20-49 år har grunnskule som høgaste utdanning. Talet ber bod om eit stort behov for kursplassar for vaksne. Vidaregåande opplæring for vaksne tilfører naudsynt fagkompetanse til dei ulike regionane i fylket. Tilbodet gjev den einskilde vaksne høve til å fullføre vidaregåande utdanning og stå betre i arbeidsmarknaden. Ved inngangen til 2017 stod om lag 40.000 hordalendingar mellom 20 og 49 år utan fullført vidaregåande opplæring, fagbrev, yrkeskompetanse eller studiekompetanse. Hordaland fylkeskommune har som hovudmål at fleire vaksne i fylket skal få tilbod om å fullføre vidaregåande utdanning.

Auka behov for full opplæring

Tradisjonelt har undervisninga i vaksenopplæringa retta seg mot praksiskandidatar som ønskjer å ta fagbrev. Denne ordninga er best for vaksne med arbeidserfaring frå yrket. I dei seinare åra har det kome stadige fleire søkarar utan relevant arbeidserfaring. Fylkeskommunen har difor hatt tilbod om undervisning for heile programområdet innan fire lærefag: Barne- og ungdomsarbeidarfaget, helsefagarbeidarfaget, tømrarfaget og elektrikarfaget. I 2017 fekk nye grupper lovfesta rett til utdanning, noko som kan auke behovet for full opplæring.

Les artikkel: Det smartaste er å ta fagbrev

Blomstrande samarbeid i Sunnhordland

- Med ein av ti tilsette på fagopplæringskurs kan Bremnes Seashore skilte med ei rekordhøg satsing på fagutdanning, skreiv Bremnes Seashore i årsmeldinga si.

Bakgrunnen for satsinga er eit samarbeid mellom Bremnes Seashore og Senter for vaksenopplæring ved Stord vidaregåande skule, der tilsette innanfor ulike fagretningar har fått høve til gratis teoriopplæring på sida av jobben.

– Me produserer eit produkt i verdsklassen. Då er det også viktig at me har flinke folk heile vegen. Denne satsinga er noko både verksemda og dei tilsette får igjen for, seier HR-sjef Anne Marie Meling.

Ho kan fortelje at i alt 10 tilsette tok fagbrev som praksiskandidat i 2017, 3 i akvakulturetter og 7 i sjømatproduksjon, etter at dei hadde fått teoriopplæring gjennom vaksenopplæringa året før.

Avdelingsleiar Neeta Sankholkar, vaksenopplæringa ved Stord vgs saman med tidlegare elev og HR-sjef Anne Marie Meling ved Bremnes Seashore. Foto
Avdelingsleiar Neeta Sankholkar, vaksenopplæringa ved Stord vgs saman med tidlegare elev og HR-sjef Anne Marie Meling ved Bremnes Seashore.

Godt samarbeid med næringslivet. Frå venstre ser vi avdelingsleiar Neeta Sankholkar saman med tidlegare elev og HR-sjef Anne Marie Meling ved Bremnes Seashore.

Samarbeidet mellom bedriften og vaksenopplæringa heldt fram i 2017 med planlegging av nye opplæringstilbod innan akvakultur, sjømatproduksjon og logistikk.

- Det er viktig for oss å tilpasse opplæringa til det lokale næringslivet sine behov. Ikkje berre Bremnes Seashore, men og andre verksemder, seier Neeta Sankholkar, leiar for Senter for vaksenopplæring ved Stord vgs. Ho fortel at dei lokale bedriftene hjelper kvarandre. Ho får stadig tips og kontaktpersoner i andre bedrifter som kan ha tilsette med behov for same opplæring. Og ho vil gjerne ha meir kontakt med fleire bedrifter. - Det er viktig at bedriftene kontaktar oss og melder inn behov for opplæring for sine tilsette. Bedriftskontakt er heilt avgjerande for at vi skal vite kva fag vi skal tilby vaksne i framtida.

Den aktive senterleiaren ønsker at bedriftene sjølve skal ta kontakt, men er og aktivt ute med informasjon. - Eg har eit godt samarbeid med Næringsråda i Bømlo og på Stord der eg nyleg heldt eit føredrag. Mange bedrifter kjenner ikkje til oss, derfor er det viktig for oss å delta i forum der vi møter representanter for bedriftene og kan informere om tilboda. Men eg vil understreke at mange bedrifter også tek direkte kontakt med oss. Det er viktig, ta gjerne kontakt!

Vaksenopplæringa retter seg primært mot vaksne som ikkje har fullført vidaregåande opplæring tidlegare. Samstundes er det mange vaksne som av ulike årsakar har behov for ny opplæring, og bedrifter som har behov for å utdanne sine tilsette. Gjennom samarbeid får bedriftene no tilbod om å sende deltakarar utan vaksenrett på opplæringstilbod for praksiskandidatar mot at bedriften betaler kursavgift. Dermed kan opplæringstilboda nå fleire vaksne som treng fagutdanning.

Men samarbeidet stopper ikkje der. - Vi tilbyr opplæring til tilsette i bedrifta, men samarbeider og om lærarkrefter. Vi har fått lærar frå bedriftene både i akvakultur og deler av sjømatproduksjon. Neste år skal vi i gang med logistikk og henter igjen inn lærar frå næringslivet. På det viset får vi lærarar med oppdatert fagkunnskap, som og har erfaring med tidlegare undervisning.

Like viktig som kontakten med næringslivet er kontakt med kommune, NAV og offentlige verksemder.

- Mange vaksne har mista jobben, eller manglar formell kompetanse til å få innpass på arbeidsmarknaden. Slik eg ser det er det viktig med eit godt samarbeid med NAV og kommunane for å få til eit heilskapleg opplegg for den einskilde, men og for å dekke kommunane sine behov for fagutdanna tilsette.

VOPA til gull

2017 markerte avslutninga for prosjektet med Vidaregåande Opplæring På Arbeidsplassen (VOPA-prosjektet). Prosjektet har vore ein suksess og bana veg for ny lovgiving som opnar for at ufaglærte kan ta fagbrev på jobben, i samarbeid med arbeidsgjevar og fylkeskommune.

- Mange ufaglærte i jobb ønskjer fagbrev. Dette er eit godt døme på at det finst ei gulloppskrift på fagutdanning, sa dåverande kunnskapsminister Henrik Asheim då han besøkte helsefagarbeidarar i Bergen i 2017.

Kunnskapsminister Henrik Asheim, Tina Tøhaug (t.v.) og Henriette Vik. Foto

SUKSESSUTDANNING:– Vi treng fleire helsefagarbeidarar, seier kunnskapsminister Henrik Asheim som likte å høre erfaringane frå Tina Tøhaug (t.v.) som tok fagbrev for ein månad sidan og Henriette Vik som har starta på den same utdanninga.

Mary Monsen ved senter for vaksenopplæring ved Åsane videregående skole har leia VOPA-prosjektet sidan det starta i 2012. Mellom anna har ho samarbeida tett med spesialrådgjevar Harald Pedersen i Bergen kommune. Målet har vore å gje fagutdanning til ufaglærte tilsette.

– Vi har mange assistentar og ufaglærte. Over dei siste 12 åra har 650 av desse teke fagbrev. Vi er svært krye og nøgde, og vi vil gjerne overføre modellen til andre. Suksesskriteriet er at vi har gått i takt med Hordaland fylkeskommune, seier Harald Pedersen.

I Kloppedal bofelleskap på Nesttun møtte ministeren Tina Tøhaug som har tatt fagbrev gjennom VOPA-prosjektet.

– Eg har jobba her i fem år. For eitt år sidan starta eg på VOPA og har gått frå null til hundre. Dette er ein fantastisk grei måte å lære på. Vi får teori og praksis i eitt. Det eg gjer på jobb, er relevant for teorien. Vi får god støtte av lærarane på arbeidsplassen. Dette er gulloppskrifta, seier Tina Tøhaug.

61 fagprøver i VOPA 2017

Det er gjennomført 61 fagprøver i VOPA-prosjektet i 2017 i barne- og ungdomsarbeidarfaget, helsearbeidarfaget og akvakulturfaget med høg kvalitet. 2 kandidater fekk ikke bestått, 24 fekk bestått og 25 fekk bestått meget godt.

Les heile artikkelen: Har funne gulloppskrifta til fagopplæring

Fagfordeling og nettverksskular

I 2017 vart det gjennomført opplæring i desse faga:

Bygg og anlegg

  • Renholdsoperatørfaget
  • Tømrerfaget
  • Byggteknikk (Vg2)

Elektrofag

  • Elektroreparatørfaget
  • Elektrikerfaget

Helse- og oppvekst

  • Barne- og ungdomsarbeider
  • Helsearbeiderfaget
  • Helseservicefaget (Vg2)
  • Tannhelsesekretær
  • Helsesekretær

Naturbruk

  • Akvakultur
  • Sjømatproduksjon
  • Gartnernæring
  • Landbruk

Restaurant- og matfag

  • Kokkefaget
  • Servitørfaget

Service- og samferdsel

  • Kontor- og administrasjonsmedarbeider
  • Logistikk
  • Salgsmedarbeider

Studiekompetansefag

  • Engelsk
  • Historie
  • Matematikk
  • Naturfag
  • Norsk
  • Samfunnsfag

Teknikk og industriell produksjon

  • Bilskadefaget
  • Platearbeiderfaget
  • Industrimekanikerfaget 

Nettverksskular og vo-senter

Desse skulane ga vidaregåande opplæring til vaksne i 2017.

  • Bergen Katedralskole (vo-senter)
  • Bømlo vgs
  • Kvinnherad vgs
  • Rogne vgs
  • Sotra vgs (vo-senter)
  • Stord vgs (vo-senter)
  • Voss gymnas (vo-senter)
  • Voss vgs
  • Årstad vgs
  • Åsane vgs (vo-senter)

Utvida rett til utdanning

Retten til vidaregåande opplæring var opphavleg avgrensa til vaksne som ikkje har fullført denne opplæringa tidlegare, jf opplæringslova § 4A-3. Denne såkalla «vaksenretten» til vidaregåande opplæring vart frå, 01.08.2017, utvida til å omfatta alle vaksne, som har ei vidaregåande utdanning frå utlandet, men som ikkje vert godkjent som studie- eller yrkeskompetanse i Noreg, jf opplæringslova 4A-3, 1. ledd. Lovarbeidet medførte vidare at unge vaksne med vidaregåande utdanning frå heimlandet etter søknad fekk rett til å gjennomføra opplæringa som vaksenopplæring, jf opplæringslova §3-1, 10. ledd. (Meld.St. 16 (2016-2017) Prop. 79L (2016-2017).

Kvifor ikkje alle vaksne?

Etter denne utvidinga av «vaksenretten» vert spørsmålet reist om kvifor ikkje retten kan omfatta alle vaksne som har behov for ny vidaregåande utdanning ?  Mange vaksne har ei vidaregåande utdanning som har gått ut på dato og ikkje samsvarar med endra etterspurnad etter kompetanse i arbeidsmarknaden. Dei jobbar ofte som ufaglærte. Dei får ikkje del i fylkeskommunane sitt etter kvart vel utbygde vaksenopplæringstilbod, samstundes som mange vanskeleg har råd til å finansiera ei ny yrkesfagleg eller studiespesialiserande utdanning frå private leverandørar. «Alle» partar tapar, samstundes som kostnadane med å tilby vidaregåande til denne målgruppa, synes moderate.

Kven tar vaksenopplæring?

50 % av dei vaksne var minoritetsspråklege, og totalt fordelar det seg på over 70 ulike morsmål. Fleire kvinner enn menn tok vaksenopplæring og nær 70 prosent har Bergen som bustadskommune.

  • 66 % kvinner.
  • 68 % bur i Bergen.

Aldersfordeling

Som ein kan sjå av grafen nedanfor, er det ei vid gruppe vaksne som tek vaksenopplæring. 32 prosent ligg i alderen 25-30, 22 prosent i alderen 31-35, 15 prosent i alderen 36-40, 18 prosent i alderen 41-50, og 6 prosent ligg mellom 51 og 69 år. 7 prosent er under 25 år, og ligg soleis under kriteriet for å ha vaksenrett. Dei utan vaksenrett kan få tilbod dersom det er ledige plassar.

aldersfordeling.jpg

Grafen syner aldersfordeling for vaksne deltakarar i 2017.

Alder inga hindring for å ta utdanning

Iolanda tar Vg2 helsearbeiderfag. Foto

Alder inga hindring for å ta utdanning

Utdanning er viktig, og alder er inga hindring for å gjennomføre eit fagbrev, meiner Iolanda Calado.
- Det er viktig å vere aktiv og utvikle seg gjennom heile livet. På alle måtar.

Les heile artikkelen: Alder inga hindring

Kva er vaksenopplæring?

Omgrepsavklaring

Vaksenopplæring er ikkje eit eintydig omgrep, og vert nytta i ulike samanhengar som til dømes om opplæring i utdanningssystemet, i arbeidslivet, i studieforbund og i det sivile samfunnet sine mange ulike typar lag og organisasjonar. I tillegg vert omgrepet nytta om opplæring i både grunn- og vidaregåande skule. I denne samanhengen betyr vaksenopplæring vidaregåande opplæring for vaksne som fører til fagbrev, yrkes- eller studiekompetanse og er regulert av Opplæringslova kapittel 4-A.

(teksten held fram nedanfor bilete)

Helsefag1440x712.jpg

Undervisning i helsearbeidarfaget ved Sotra vidaregåande skule i 2017,

Omfang

Om lag 22 000 vaksne deltek årleg i vidaregåande opplæring nasjonalt (VOX 2015) På landsbasis tilsvarer dette 11 prosent av alle som får vidaregåande opplæring. Hordaland er det fylket med flest vaksne i vidaregåande opplæring. Nasjonalt var etterspurnaden etter utdanning fordelt med 19% studieførebuande fag, 34% innan helse- og oppvekstfag, samt 47% andre yrkesfag. I Hordaland er tala for 2015 høvesvis 47% studieførebuande, 30% innan helse- og oppvekstfag, samt 23% andre yrkesfag.

Behov

Tal frå SSB i 2014 syner at det nasjonalt er over 430 000 nordmenn i alderen 20-49 år som berre har grunnskule som høgaste utdanning. Tala for Hordaland er i underkant av 39 000. Berekningar frå SSB syner at Noreg i 2030 vil mangla 171 000 med kompetanse på vidaregåande nivå i arbeidslivet . Eksempelvis vil det i 2030 mangla 40 000 helsefagarbeidarar. Dette faget har låg rekruttering og fullføring blant dei unge, medan det er eit av dei største faga innan vaksenopplæringa. I rapporten Helsefagarbeidarutdanning for voksne (2010) skriv Håkon Høst at med dagens fråfall og ungdomsrekruttering, må heile 85-90 % av rekrutteringa skje via vaksne for å nå dagens rekrutteringsmål.  

Historikk

Innføringa av vaksne sin rett til vidaregåande opplæring vart føreslege i St.meld. nr. 42 (1997–98) Kompetansereformen, og innebar ei styrking av tilbodet til vaksne i vidaregåande opplæring. Bakgrunnen for reforma var blant anna høg arbeidsløyse, mange vaksne med manglande formell utdanning, samt eit auka krav om dokumentert utdanning for å koma inn på arbeidsmarknaden.

Reforma innebar for det fyrste at vaksne fikk ein eigen sjølvstendig rett til vidaregåande opplæring, vaksenretten. For det andre innebar reforma innføring av realkompetansevurdering som ei fast ordning i fylkeskommunane. Og for det tredje vart det opna opp for meir fleksible opplæringsmodellar enn tidlegare. Desse ville kunne erstatte meir standardiserte opplæringsløp, noko som i sin tur kunne føre til at utdanningstida vart forkorta (Haust 2009).

Vaksenretten

Rett til vidaregåande opplæring for vaksne vart innført i 2000 og er ein individuell rett som er heimla i opplæringslova § 4A-3.Rett til vidaregåande opplæring for vaksne.  Vaksenretten gjeld for dei som har fullført grunnskulen (eller tilsvarande), ikkje har fullført vidaregåande skule tidlegare, eller har vidaregåande utdanning frå eit anna land som ikkje er godkjent i Noreg, og er minst 25 år det året ein søkjer. I tillegg gjeld retten i det fylket ein er folkeregisteret, samt at ein må ha opphaldsløyve i landet. Fylkeskommunen er også pliktig til å gje tilbod om vidaregåande utdanning til vaksne utan rett, utan at lovverket spesifiserer storleiken på dette tilbodet. Hordaland fylkeskommune gjev årleg vaksenopplæringstilbod til om lag 30 % utan rett.

Organisering

Hordaland fylkeskommune har bygd opp vaksenopplæringssenter på sentrale skular i fylket for å styrkja og byggja opp fagmiljøa og den vaksen-pedagogiske kompetansen for eigne tilsette og soleis nytta allereie eksisterande ressursar.

Undervisning

Undervisninga er oftast komprimert og byggjer på det den vaksne kan frå før. Dei vaksne har ulik bakgrunn, så undervisninga varierer frå 1-3 dagar i veka, helgesamlingar, opplæring i bedrift, samt kortare eksamensretta undervisning.  I den seinare tid er det stadig fleire søkjarar utan relevant arbeidserfaring, og fylkeskommunen utvidar difor stadig undervisningsportefølja slik at ein kan få undervisning i heile skuleløpet.

(teksten held fram nedanfor bilete)

Voksne elever i undervisning ved Bergen katedralskole våren 2017. Foto

Undervisning i naturfag ved Bergen Katedralskole i 2017.

Framover

Behovet for at fleire vaksne skal gjennomføra vidaregåande utdanning er aukande. Endringane i arbeidsmarknaden, til dømes i dei offshore-relaterte bransjane, vil også medføra at fleire ønskjer å fullføre utdanninga, eller har ønskje om ei annan utdanning. Auka tal på asylsøkjarar til landet vil også påverka vaksenopplæringstilbodet.            

Kunnskapsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet og Barne,- likestillings,- og inkluderingsdepartementet jobbar no med stortingsmeldinga Livslang læring og utanforskap der eit av måla er å setja fokus på vaksne si læring og ei felles innsats for auka kompetanse. Eit av punkta i denne stortingsmeldinga vil vera å tetta gapet mellom ungdomsretten og vaksenretten, noko som betyr at ein ikkje må venta til ein er 25 år før ein får vaksenrett. Dette vil kunne bety at målgruppa for vaksenopplæringa vil verta større og ha andre ønskjer og føresetnadar enn tidlegare.

Les artikkel: Brenner for å gjøre en forskjell

Camilla helsearbeidar Vg2.jpg

Brenner for å gjere ein forskjell

Camilla Andreassen veit kva ho vil: Jobbe i bufellesskap og gjere dagane betre for dei som bur der. - Det er viktig å hugse at vi faktisk trer inn i heimen deira.

Les heile artikkelen: Brenner for å gjere ein forskjell