Årsrapport 2018, utdanning for vaksne

Vidaregåande opplæring, realkompetansevurdering og studierettleiing for vaksne.

Nøkkeltal for vaksenopplæring 2018

  • Det var 1490 nye kursplassar for vaksne
  • Det var 600 praksiskandidatar, mot 400 i 2017
  • Undervisning i 24 fag knytt til 8 ulike utdanningsprogram
  • 22 133 tok kontakt med vaksenopplæringa via epost, telefon eller ved frammøte
  • 40.000 hordalendingar i alderen 20-49 år har grunnskule som høgaste utdanning

Stort behov for vaksenopplæring

Ved inngangen til 2019 stod om lag 40.000 hordalendingar mellom 20 og 49 år utan fullført vidaregåande opplæring, fagbrev, yrkeskompetanse eller studiekompetanse. Talet ber bod om eit stort behov for kursplassar for vaksne. Ikkje alle vaksne veit at dei har lovfesta rett til gratis  vidaregåande utdanning. Over tid har fylkeskommunen difor jobba målretta med å marknadsføre tilbodet gjennom lokalaviser og på digitale plattformer som Google og Instagram. Hausten 2018 har vi laga ein film som informerer om tilbodet som er marknadsført på YouTube og Facebook.

Takk til vaksne deltakarar som har stilt opp i filmen for å informere om at fylkeskommunen tilbyr gratis vidaregåande opplæring. Takk õg til Åsane vgs og BKS for god tilrettelegging.

Vidaregåande opplæring for vaksne tilfører naudsynt fagkompetanse til dei ulike regionane i fylket. Tilbodet gjev den einskilde vaksne høve til å fullføre vidaregåande utdanning og stå betre i arbeidsmarknaden. Hordaland fylkeskommune har difor som hovudmål at fleire vaksne i fylket skal få tilbod om å fullføre vidaregåande utdanning.

5 vaksenopplæringssenter i Hordaland

Sidan 2017 har det vore 5 senter for vaksenopplæring i Hordaland. Sentera har ansvar for organisering av utdanningstilbod, handsaming av søknader, realkompetansevurdering og studierettleiing. Sentra har òg ansvar for strategi og samarbeid med andre aktørar i eigen region. 3 av sentera har ansvar for yrkesfag og studiekompetansefag. I Bergen er faga fordelt på to store senter. Sentra er knytt til vidaregåande skular. Nettsida deira er tilgjengelig her:

Smidig overgang til vidaregåande opplæring

Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune samarbeidar om eit forkurs for vaksne som skal ta studiekompetanse. Målgruppa  er vaksne på introduksjonsprogrammet som har livsopphald, og deltakarane får 30 undervisningstimar i veka over eit halvår. "Forkurset" skal førebu deltakarane på toårig utdanning for å ta generell studiekompetanse, og starta i januar 2019.

- Vi ønskte å finne ei løysing som gir ein smidig overgang frå norskopplæring og introduksjonsprogram og over i vidaregåande opplæring, fortel Sigrid Sve Låstad, avdelingsleiar for Senter for voksenopplæring ved BKS.

forkurs studiekompetanse.JPG

Godt samarbeid som legg til rette for betre overgang frå introduksjonsprogrammet til vidaregåande opplæring. Nøgde deltakarar er frå venstre: Ahmad Makkia, Ahmad Awda og Hoshmand Dawoud.

Senter for voksenopplæring ved Bergen Katedralskole har tatt initiativ til samarbeidet og all undervisning blir gitt i deira lokale. Lærarar frå Nygård skole og Bergen Katedralskole har ansvar for 15 timar kvar.

Les meir om "forkurs" til studiekompetanse

Auka behov for full opplæring

Frå hausten 2018 får vaksne tilbod om full opplæring i Restaurant- og matfag. Tilbodet blir gitt i nyoppussa lokale på Sandsli videregående skole og er organisert og utforma i samarbeid mellom bransjen og senteret ved Åsane vgs.

Restaurant- og matfag, Sandsli vgs. Foto

Full opplæring til vaksne i Restaurant- og matfag ved Sandsli vgs, organisert av Senter for voksenopplæring ved Åsane vgs.

Tradisjonelt har undervisninga i vaksenopplæringa retta seg mot praksiskandidatar som ønskjer å ta fagbrev. Denne ordninga er best for vaksne med arbeidserfaring frå yrket. I dei seinare åra har det kome stadig fleire søkjarar utan relevant arbeidserfaring. Fylkeskommunen har difor dei siste åra gitt tilbod om undervisning for heile programområdet i fleire lærefag: Barne- og ungdomsarbeidarfaget, helsearbeidarfaget, tømrarfaget og restaurant- og matfag.

Les artikkel om restaurant- og matfag på Sandsli i BA

Åttebarnsmoren flyktet fra Syria: – Skal bli sjefskokk (jpg) 

(krev abbonement:)

Åttebarnsmoren flyktet fra Syria: – Skal bli sjefskokk!

Regionalt samarbeid

Dei fem vaksenopplæringssentera er sentrale aktørar i regional utvikling. 
For bedrifta er faglært arbeidskraft grunnleggande for drift og utvikling av verksemda. Også for den einskilde vaksne har vidaregåande opplæring verdi for eigen utvikling og ein styrka posisjon på arbeidsmarknaden. Vaksenopplæringssentera ved BKS og Åsane vgs jobbar systematisk for å etablere gode og varige samarbeid i Stor-Bergen. Gode lokale samarbeid kan vi og finne på Voss, Stord og Sotra.

Lokalt samarbeid på Voss

2018 har vore eit hektisk år for VO-senteret på Voss gymnas. Oppstart av 8 kurs markerer ein milepæl for senteret. Innflytting i nye lokale ved Voss gymnas og oppbygging av eit nyetablert senter har sett dagsorden for senteret. Samarbeid med lokale aktørar har stått sentralt, mellom anna samarbeid med NAV, integreringstenesta og vidaregåande skular i regionen. Målet er å styrke samarbeidet for å sikre at kompetente vaksne kan søke vidaregåande opplæring og lukkast med det.

Sentralt står dessutan samarbeid med ulike bransjar og kommunar for å tilby opplæring som det er behov for i regionen. Kjemiprosessfaget ved Odda vgs, og gartnarutdanninga ved Hjeltnes vgs er eksempel på dette. Planen er å etablere godt samarbeid med slike nettverksskular.

I tillegg har vaksenopplæringssenteret samarbeidd med kommune og NAV med mål om å starte utdanning i barne- og ungdomsarbeidarfaget i Kvam, og med aktørar i bransjen for å starte utdanning i restaurant- og matfag.

I 2018 har senteret gjennomført kompetansehevingskurs retta mot lærarar med tema Matematikk med hjertebank og Hvordan undervise minoritetsspråklege.
Med på kursa har vi invitert grunnskular og innvandrareiningar frå kommunane i regionen. Dette bidreg til å styrke samarbeid, samhald og relasjonar mellom aktørar i regionen.

Lokalt samarbeid på Sotra

Vaksenopplæringssenteret på Sotra vgs har over tid jobba systematisk med å styrke samarbeidet med ulike bransjar, opplæringskontor, kommunar og andre aktørar, derimellom det fleirfaglege opplæringskontoret Live2Learn og opplæringskontor for fiskerifag. Målet er å tilby fag og kompetanse som dei ulike bransjane har behov for, men og ha ein god dialog med arbeidsgjevarar for å legge til rette, slik at kursdeltakarar kan kombinere jobb og utdanning.

Deltakarar med for lite arbeidserfaring treng praksisplassar innan helsearbeidarfag, barne- og ungdomsarbeidarfag og byggfag for å få godkjent opplæringa. Godt samarbeid med bransjane er viktig for å lukkast med dette. I tillegg opnar dette for at vaksne kan få læreplass etter fullført Vg2.

- Vi prøver heile tida å lytt til kva behov samfunnet i vest har for å justere tilboda våre, skriv rådgjevar Kari Marøy Pedersen i ein e-post.

Lokalt samarbeid på Stord

Vaksenopplæringssenteret på Stord vgs har hatt nært samarbeid med fleire bedrifter i Sunnhordland, spesielt innan havbruks- og sjømatindustrien. VO-senteret har bidrege med å utdanne fagarbeidarar i akvakultur, sjømat og logistikk i verksemder som til dømes Bremnes Seashore, Viking Fjordbruk, Marine Harvest, Leroy Vest, Fylkesnes Fisk AS og Fremskridt Laks. Lærarar frå bedriftene som har spisskompetanse i faget har undervist praksiskandidatar som skal ta fagbrev.

Stord er blant sentera som har samarbeidd med næringslivet om finansiering av kurs, til dømes i akvakultur. Dette som følgje av at søkarar med vaksenrett ikkje var mange nok til å fylle ein klasse. Senteret inviterte difor næringslivet med på å bidra med finansiering, og resultatet vart eit spleiselags med 6 ulike selskap, både store og små bedrifter (Bremnes Seashore, Viking Fjordbruk, Marine Harvest, Leroy Vest, Fylkesnesfisk og Fremskridt Laks).

Vaksenopplæringssenteret ved Stord vgs har over tid samarbeidd tett med annan industri, til dømes innan fag som reinhaldsoperatørfag, sveisefag og med offentleg sektor helsefag og barne- og ungdomsarbeidarfaget. Samarbeidspartnarar her har kommunar i Sunnhordland. Andre viktige samarbeidspartnarar har vore NAV, kommunal norsk voksenopplæring, men óg Stord og Bømlo Næringsråd.

Smidig overgang frå introduksjonsprogrammet

Sjølvsagt er eg nøgd med å gå her, seier Walat iBrahim. Han er ein av dei 23 vaksne som takka ja til undervisning som førebur til generell studiekompetanse. «Forkurset» er eit samarbeid mellom Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune, og undervisninga blir gitt på Bergen Katedralskole.

forkurs.JPG

Nøgde deltakarar som førebur seg til å ta generell studiekompetanse. Frå venstre Imad Muhamad, Ahmad Makkia og Walat Ibrahim.

Målgruppa for undervisninga er vaksne på introduksjonsprogrammet, og deltakarane får 30 undervisningstimar i veka over eit halvår. Undervisninga er ei førebuing til toårig utdanning for å få generell studiekompetanse og starta i januar 2019.

- Vi ønskte å finne ei løysing som gir ein smidig overgang frå norskopplæring og introduksjonsprogram og over i vidaregåande opplæring, fortel Sigrid Sve Låstad, fortel avdelingsleiar for Senter for voksenopplæring ved BKS.

Stinn brakke

I alt 23 vaksne har fått plass på forkurset, berre tre av dei er kvinner. Oppslutninga i klassen er svært god, sjølv om nokre få elevar har revurdert sine planar for utdanning og ønsker å velje yrkesfag i staden for generell studiekompetanse.

- Her er det «stinn brakke», seier ein nøgd senterleiar.

Undervisning BKS 2019.JPG

 God stemning i klasserommet. 

Norsklærar Helene Winsents er i sving med undervisninga når vi bankar på døra. Til dagleg har ho sitt virke på Nygård skole, men tek gjerne turen til katedralskolen.

-Det er ein stor fordel for både meg og deltakarane og komme hit. Deltakarane får erfare kva nivå som venter på vidaregåande, og eg kan legge opp undervisninga etter det. Mange er opptekne av å komme inn på vidaregåande, men eg tenker at det er like viktig å fullføre. Då må grunnlaget vere på plass.

Viktig å velje riktig

Winsents ønskjer at vaksne bruker retten sin til å ta vidaregåande utdanning, og at dei har kunnskap nok til å velje. I motsetnad til ungdom får vaksne berre ein sjanse til å velje sluttkompetanse, då er det viktig å velje rett. Nokre få deltakarar har endra planar etter at dei starta på forkurset og ønskjer ein yrkesfagleg utdanning i staden for studiekompetanse. Læraren meiner dette understrekar kor nyttig forkurset er. Men eit fag skil seg ut som særs vanskeleg for minoritetsspråklege vaksne som ikkje har eit forhold til den engelske kultursfæren på førehand.

- Engelsk er vanskeleg å lære. På skulen heime lærte vi ikkje engelsk, vi lærte arabisk, seier Ahmad Makkai.

Han er utdanna jurist frå heimlandet, men utdanninga kan ikkje brukast i Noreg. Ny lov frå 2017 gir ham difor rett til å ta generell studiekompetanse. No går han tilbake til skulebenken for å søkje utdanning som ingeniør.

– Eg veit ikkje heilt kor eg skal arbeide i framtida, så denne gangen vil eg ta ein utdanning som kan brukast i alle land.
 

Vanskeleg å lære to språk

Makkai stiller gjerne opp for saka saman med resten av klassen. Frustrasjonen over kor vanskelig det er å lære engelsk deler han med dei andre.
- Vi lærer ikkje engelsk heime. Når vi kjem her må vi lære to nye språk. Norsk er lett. Men å lære engelsk samstundes …. Vi bruker så mykje tid på det, seier Walat iBrahim.

Hovudintensjonen med kurset er å leggje til rette for at minoritetsspråklege deltakarar skal lukkast og fullføre vidaregåande opplæring. Hensikten er å utvikle ein modell som sikrar ein betre overgang mellom introduksjonsprogrammet og vidaregåande opplæring. Samarbeidet starta våren 2018 på initiativ frå Senter for voksenopplæring ved BKS. Tidlegare tilbaud skulen eit halvårig innføringskurs i forkant av toårig utdanning, men opplevde at mange deltakarar slutta undervegs.

- Økonomien i dette var ikkje god, korkje for skulen eller den einskilde deltakar som fekk problem med å finansiere ei vidaregåande utdanning som strakte seg over 2,5 år, seier Låstad.

Timeplanen er fordelt med 15 timar til fag på introduksjonsprogrammet som norsk, engelsk, samfunnsfag og tekniske fag. 15 timar blir brukte til studiekompetansefaga norsk, matematikk og naturfag, med særleg vekt på norske faguttrykk og forståing av omgrep.

Samarbeid å byggje vidare på

- Vi har brukt tid på å utvikle modellen i dialog med involverte partar. Vi har og vore påpasseleg med å dokumentere prosessen, fordele ansvar og formalisere samarbeidet for å sikre at dette er ein modell vi kan byggje vidare på.
Senter for Voksenopplæring, VO, har oppfølgingsansvar for prosjektet  og legg opp til halvårlege møter for å evaluere og utvikle samarbeidet internt (med faglærarane og representantar for deltagarane) og eksternt (med introduksjonssenteret og Nygård Skole). Deltakarane som er i sluttfasen av introduksjonsprogrammet blir plukka ut av Bergen kommune som aktuelle til «forkurset». Det er ein føresetnad at dei har livsopphald, men og føresetnader for å lukkast med studiekompetansefaga.

- Språkkunnskapar i norsk og engelsk er ein føresetnad for å lukkast, og vi gjennomfører språktestar før inntak. Vi ser at engelsk er særleg vanskeleg for ein del minoritetsspråklege, men samstundes er det ikkje mogeleg å klare seg utan engelsk dersom ein skal utdanne seg i Noreg.
 
- Vi ønskjer ikkje noko testregime – vi ønskjer at vaksne som tek utdanning skal lukkast! avsluttar avdelingsleiaren.
Samarbeid med Nygraard skole 2019.JPG
Gnistrande samarbeid.- Ikkje minst er det nyttig for lærarar frå introduksjonsprogrammet å samarbeide med lærarar frå vidaregåande opplæring, seier Helene Winsents (til høgre). Her saman med Sigrid Sve Låstad, leiar for senter for voksenopplæring ved Bergen Katedralskole.

 

Fagfordeling og nettverksskular

I 2018 fekk vaksne opplæring i desse faga:

Bygg og anlegg

  • Renholdsoperatørfag
  • Rørleggarfag
  • tømrarfag

Design og handverk

  • Frisørfag

Helse- og oppvekst

  • Barne- og ungdomsarbeiderfag
  • Helsearbeiderfag
  • Helseservicefaget (Vg2)
  • Helsesekretær
  • Tannhelsesekretær

Naturbruk

  • Akvakultur
  • Landbruk- og gartnarnæring (Vg2)

Restaurant- og matfag

  • sjømatproduksjon
  • industriell matproduksjon

Service- og samferdsel

  • Kontorfag
  • Logistikkfag
  • Salgsfag

Studiekompetansefag

  • Engelsk
  • Historie
  • Matematikk
  • Naturfag
  • Norsk
  • Samfunnsfag

Teknikk og industriell produksjon

  • Kjemiprosessfag
  • Gjenvinningsfag

Nettverksskular med oppdrag frå vo-sentera

Desse skulane ga vidaregåande opplæring til vaksne i 2018 på oppdrag frå vaksenopplæringssentera.

  • Bømlo vgs
  • Fusa vgs
  • Fitjar vgs
  • Knarvik vgs
  • Kvinnherad vgs
  • Odda vgs
  • Sandsli vgs
  • Voss vgs
  • Årstad vgs

Kompetanseheving for sentera og samarbeidspartar

Hordaland fylkeskommune har over tid jobba systematisk og målretta med kompetanseheving for lærarar, leiarar og rådgjevarar i vaksenopplæring. Målet er å styrke kompetansen på sentera, og i 2018 gjennomførte alle sentera eigne tiltak for kompetanseheving med midlar frå Kompetanse Norge.

Løfta heile skulen

Sotra vgs og Åsane vgs gjennomførde tiltaka som del av planleggingsdagane for heile skulen. På den måten blir vaksenopplæring ein synleg og viktig del av arbeidet ved skulen, og tiltaka når fram til heile det pedagogiske personalet. Tema for øktene var relasjonspedagogikk og korleis undervise minoritetsspråklege. Dette er tema som er viktige i vaksenopplæring, men og i vidaregåande opplæring generelt. Øktene blei gjennomført som ei blanding av førelesing, dialog, refleksjon og praktiske øvingar.

Inviterte samarbeidspartnarar

Vaksenopplæringssentra på Voss gymnas og Stord vgs har viktige funksjoner i eigen region med samarbeid med nettverkskuler, lokalt næringsliv, kommunar og andre aktørar. Stord vgs inviterte samarbeidspartnarar til erfaringsutveksling og kompetansehevingskurs om relasjonspedagogikk i samarbeid med Stord kommune. Vo-senteret melder om god oppslutning og gode diskusjonar om relasjonspedagogikk. Lærarar frå vidaregåande opplæring, grunnskule- og norskopplæring deltok. Me har tru på at slike arenaer bidreg til kompetansebygging i regionen på eit svært viktig område.
Voss gymnas kan og melde tilbake om høgt læringsutbytte (sjå vedlegg) på eigne tiltak. Matematikklærarar frå vidaregåande opplæring og grunnskule deltok på kurset om matematikk med hjertebank. Alle som svarte på evalueringa har rapportert at dei var delvis eller ganske nøgde med kurset. Kurset om korleis undervise minoritetsspråklege deltakarar famna lærarar frå grunnskule og vidaregåande opplæring. 80 % av dei som svarte på evalueringa var nøgde med kursopplegget. Den store interessa for kursopplegga viser at midlar frå kompetanse Norge gjev Voss gymnas høve til å bygge kompetanse om vaksne si læring i lag med viktige samarbeidspratnarar, og etablere seg som ein synleg og viktig ressurs i eigen region.


Byggje kompetanse for vaksenopplæringssenteret

Senter for vaksenopplæring ved Bergen katedralskole skil seg ut, fordi senteret kún tilbyr studiekompetansefag og fordi dei har nær 30 lærarar knytt til senteret som berre underviser vaksne. Senteret har fleksible tilbod for vaksne som ønsker rask fullføring og som treng lengre tid, på dag og kveld. I tillegg har senteret eit tett samarbeid med kommunar for å sikre god overgang frå introduksjonskurs og grunnskule til vidaregåande opplæring. Dei to siste åra har senteret difor gjennomført kompetansehevingstiltak som særleg er retta mot eigen lærarstab, i samråd med lærarane. Om lag 30 lærarar frå VO deltok på tiltak om korleis undervise minoritetsspråklege deltakarar. Erfaringane er tatt med vidare i dagleg arbeid og diskusjonar mellom lærarane.


Felles kurs om integrering og grunnleggjande ferdigheiter

Dei siste åra har talet på minoritetsspråklege deltakarar auka til nær 50 prosent. Kompetanse om korleis ein lærar kan lukkast i eit minoritetsspråkleg klasserom har difor vore etterspurd lenge. Våren 2018 fekk alle lærarar, leiarar og rådgjevarar tilbod om å delta på kurs om korleis lukkast i eit minoritetsspråkleg klasserom. Kurset vart utforma i tett samarbeid med kurshaldar og lærarar som leverte case til arbeidsøkter på kurset. Tilbakemeldingane frå deltakarane har i stor grad vore positive, og det er behov for å følgje opp tema i nye kurs på same tema.

Vi har over tid gjennomført fleire kurs med fokus på korleis skriving kan brukast som eitt reiskap i undervisninga. Hausten 2018 deltok 11 lærarar på kurs i prosessorientert skriving med førelesing, oppgåveløysing og god dialog undervegs. Tilbakemeldingane frå deltakarane var overveldande positiv, med topp score på kor nøgde dei var, kor nyttig kurset var og generell tilbakemelding.

Kven tar utdanning?

  • 62 % kvinner.
  • 80 ulike morsmål
  • 50 % minoritetsspråklege
  • 60 % bur i Bergen, 10 % på Stord, 6 % på Voss og 6 % i Fjell

Aldersfordeling

Som ein kan sjå av grafen nedanfor er det stor spreiing i alder på vaksne som tek vidaregåande utdanning, frå 20 til 70 år. Samstundes ser vi at  90 prosent av deltakarane er i alderen 25 til 40 år. Vaksenretten startar det året ein fyller 25, men søkarar utan vaksenrett kan få tilbod dersom det er ledige plassar.

Tabell som viser alder på dei som tok vaksenopplæring i 2018

Grafen syner aldersfordeling for vaksne deltakarar i 2018.

 

Kva er vaksenopplæring?

Omgrepsavklaring

Vaksenopplæring er ikkje eit eintydig omgrep, og vert nytta i ulike samanhengar som til dømes om opplæring i utdanningssystemet, i arbeidslivet, i studieforbund og i det sivile samfunnet sine mange ulike typar lag og organisasjonar. I tillegg vert omgrepet nytta om opplæring i både grunn- og vidaregåande skule. I denne samanhengen betyr vaksenopplæring vidaregåande opplæring for vaksne som fører til fagbrev, yrkes- eller studiekompetanse og er regulert av Opplæringslova kapittel 4-A.

(teksten held fram nedanfor filmen)

Henry kombinerer jobb og utdanning og tek studiekompetansefag på Bergen Katedralskole.

Omfang

Om lag 22 000 vaksne deltek årleg i vidaregåande opplæring nasjonalt (VOX 2015) På landsbasis tilsvarer dette 11 prosent av alle som får vidaregåande opplæring. Hordaland er det fylket med flest vaksne i vidaregåande opplæring. Nasjonalt var etterspurnaden etter utdanning fordelt med 19% studieførebuande fag, 34% innan helse- og oppvekstfag, samt 47% andre yrkesfag. I Hordaland er tala for 2015 høvesvis 47% studieførebuande, 30% innan helse- og oppvekstfag, samt 23% andre yrkesfag.

Behov

Tal frå SSB i 2014 syner at det nasjonalt er over 430 000 nordmenn i alderen 20-49 år som berre har grunnskule som høgaste utdanning. Tala for Hordaland er i underkant av 39 000. Berekningar frå SSB syner at Noreg i 2030 vil mangla 171 000 med kompetanse på vidaregåande nivå i arbeidslivet . Eksempelvis vil det i 2030 mangla 40 000 helsefagarbeidarar. Dette faget har låg rekruttering og fullføring blant dei unge, medan det er eit av dei største faga innan vaksenopplæringa. I rapporten Helsefagarbeidarutdanning for voksne (2010) skriv Håkon Høst at med dagens fråfall og ungdomsrekruttering, må heile 85-90 % av rekrutteringa skje via vaksne for å nå dagens rekrutteringsmål.  

Historikk

Innføringa av vaksne sin rett til vidaregåande opplæring vart føreslege i St.meld. nr. 42 (1997–98) Kompetansereformen, og innebar ei styrking av tilbodet til vaksne i vidaregåande opplæring. Bakgrunnen for reforma var blant anna høg arbeidsløyse, mange vaksne med manglande formell utdanning, samt eit auka krav om dokumentert utdanning for å kome inn på arbeidsmarknaden.

Reforma innebar for det fyrste at vaksne fikk ein eigen sjølvstendig rett til vidaregåande opplæring, vaksenretten. For det andre innebar reforma innføring av realkompetansevurdering som ei fast ordning i fylkeskommunane. Og for det tredje vart det opna opp for meir fleksible opplæringsmodellar enn tidlegare. Desse ville kunne erstatte meir standardiserte opplæringsløp, noko som i sin tur kunne føre til at utdanningstida vart forkorta (Haust 2009).

Vaksenretten

Rett til vidaregåande opplæring for vaksne vart innført i 2000 og er ein individuell rett som er heimla i opplæringslova § 4A-3, Rett til vidaregåande opplæring for vaksne. Vaksenretten gjeld for dei som har fullført grunnskulen (eller tilsvarande), ikkje har fullført vidaregåande skule tidlegare, eller har vidaregåande utdanning frå eit anna land som ikkje er godkjent i Noreg, og er minst 25 år det året ein søkjer. I tillegg gjeld retten i det fylket ein er folkeregistrert, samt at ein må ha opphaldsløyve i landet. Fylkeskommunen er også pliktig til å gje tilbod om vidaregåande utdanning til vaksne utan rett, utan at lovverket spesifiserer storleiken på dette tilbodet. Hordaland fylkeskommune gjev årleg vaksenopplæringstilbod til om lag 30 % utan rett.

(teksten held fram nedanfor bilete)

_T6A5662.jpg

Undervisning i helsearbeidarfaget på Voss gymnas i 2018.

Organisering

Hordaland fylkeskommune har bygd opp vaksenopplæringssenter på sentrale skular i fylket for å styrkje og byggje opp fagmiljøa og den vaksen-pedagogiske kompetansen for eigne tilsette og soleis nytte allereie eksisterande ressursar.

Undervisning

Undervisninga er oftast komprimert og byggjer på det den vaksne kan frå før. Dei vaksne har ulik bakgrunn, så undervisninga varierer frå 1-3 dagar i veka, helgesamlingar, opplæring i bedrift, samt kortare eksamensretta undervisning.  I den seinare tid er det stadig fleire søkjarar utan relevant arbeidserfaring, og fylkeskommunen utvidar difor stadig undervisningsportefølja slik at ein kan få undervisning i heile skuleløpet.