Spesielle skuletilbod

Nokre skular i Hordaland tilbyr studietilbod litt utanom det vanlege.

International Baccalaureate (I.B.)

International Baccalaureate er ein internasjonalt godkjent studenteksamen med tilbod ved ca. 300 skular i over 50 land. Dette tilbodet er først og fremst for ungdom frå internasjonalt mobile familiar, både norske og utanlandske. Det er Bergen katedralskole som har dette tilbodet.

Studiespesialiserande med førebuande IB(pre-IB) Vg1

Tilbodet er for elevar som vurderer å søkje om inntak til International Baccalaureate (IB) etter Vg1. Tilbodet er ope for alle søkjarar frå Hordaland. Det er Bergen katedralskole som har dette tilbodet.

Meir om IB og pre-IB finn du på Bergen katedralskole

Toppidrett (Olympiatoppen Vest-Norge)

Dette tilbodet er retta mot elevar som ønskjer å satse for fullt på idretten sin. For å søkje her må du vere ein av dei beste i din årsklasse i den idretten du driv. Tilbod om plass blir gitt for eitt år om gongen. Det er Tertnes videregående skole, Voss gymnas og Åsane videregående skole som har dette tilbodet. Les meir om tilbodet på skulane sine nettsider.

Toppidrettslina på Tertnes- og Åsane videregående skole

Toppidrett på Voss gymnas

Elektrofag og spesiell studiekompetanse

Dette er eit tilbod som er spesialtilpassa elevar frå ungdomsskulen som ønskjer å bli ingeniør og der elevane alt frå første året i vidaregåande skule får opplæring som førebur dei på dette.

Les meir om tilbodet på Laksevåg videregående skolen

Teknologiline

Dette tilbodet gir deg spesialisert utdanning innanfor teknologiske fag som fører fram mot arbeid som ingeniør, sivilingeniør eller andre tekniske/naturvitskaplege jobbar. Det er Sotra vidaregåande som har dette tilbodet.

Meir om teknologilina på Sotra vidaregåande skule 

TAF

Dette er ei utdanning som etter 4 år gir både  yrkes- og studiekompetanse. Dei to første åra har du status som elev, og går tre dagar på skule og arbeider to dagar i bedrift. Dei to siste åra har du status som lærling med lærekontrakt.

Tilleggsskjema for TAF-tilbodet i Hordaland finn du på skulane sine nettsider: Austrheim vidaregåande skule, Fusa vidaregåande skule og Knarvik vidaregåande skule.

På taf.no finn du meir informasjon om tilbodet

Vekslingsmodellen skule/lære direkte frå ungdomsskulen

I vekslingsmodellen vil du begynne i lære i løpet av første året i vidaregåande skule (Vg1), og ta teorien som modular i løpet av læretida.

Meir om vekslingsmodellen

Har du spørsmål? Ta kontakt med den aktuelle skulen eller med inntakskontoret.
Profilbilde av Kontakt inntakskontoret
Kontakt inntakskontoret
55 23 94 60