Påmeldinga er lukka
Kven kan melde seg på
Tilbodet om sommarskule gjeld berre for elevar i offentleg vidaregåande opplæring i Hordaland, og til lærlingar/søkjarar til læreplass som treng matematikken frå Vg1.
Kva fag kan eg få undervisning i
Vi tilbyr som regel undervisning i:
- Studieretta matematikk utan eksamen
- Yrkesretta matematikk med eksamen
- Norskkurs utan eksamen for elevar med eit anna morsmål
Korleis melder eg meg på
Vi legg ut påmeldingsskjema på denne sida i april. Når du har meldt deg på, og det nærmar seg oppstart, vil du bli kontakta og gitt meir detaljert informasjon.
Gratis
Tilbodet om sommarskule er gratis. Du får frukost og lunsj kvar dag.
Samarbeidspartere
Sommarskulen er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune og Røde Kors.
Lærarar vil vere ansvarlege for undervisninga, med støtte frå frivillige frå Røde Kors.