Søk om spesialundervisning

Elevar som ikkje har tilfredstillande utbytte av den ordinære opplæringa har rett til spesialundervisning. Gjeld også friskular.

Kven kan søke

Både elevar og føresette kan be skulen om å undersøke behovet for spesialundervisning. Du som elev, lærling eller føresett kan også ta direkte kontakt med Oppfølgings- og pedagogisk psykologiske tenesta (OT/PPT) som kan hjelpe. 

Har du hatt spesialundervisning på ungdomsskulen, må du få en ny sakkunnig vurdering som gjeld for vidaregåande skule. Alle som har fylt 15 år skal sjølv samtykke til ei slik utgreiing og eventuell spesialundervisning.

Slik søkjer du

For deg på offentleg skule: Søk på elektronisk søknadsskjema du finn i blå boks på sida.

  • Elevar som søkjer skuleplass innan 1. februar og som skal gå i tilrettelagte grupper, søkjer spesialundervisning samtidig med søknad om skuleplass.

  • Elevar som søkjer skuleplass innan 1. mars og som skal gå i ordinære klassar, søkjer spesialundervisning etter at skuleåret har starta og i samråd med skulen.

  • Elevar ved friskular skal gå til denne sida om tilvisning til PPT. Der må  du fylle ut tilvisningskjema individsaker OG samtykkeskjema. Skulen må  sende inn pedagogisk rapport til OT/PPT.

Mal for pedagogisk rapport for friskular

Har du spørsmål kan du ta kontakt med
Profilbilde av Petter Tønjum
Petter Tønjum
96942921
Profilbilde av Akylina Samara
Akylina Samara
96942963
Profilbilde av Laila Ulvestad
Laila Ulvestad
96942964
Kjersti Monstad Vea
48998073