Søk skuleplass!
Det er to søkarkategoriar til inntaket 1. februar:
- Søkarar med fortrinnsrett
- Søkarar etter individuell behandling
Du kan lese meir om fortrinnsrett og individuell behandling i informasjonsheftet
Søkarar med fortrinnsrett
I tillegg til å søke vidaregåande opplæring på vigo.no må du levere inn eit tilleggsskjema innan søknadsfristen 1. februar.
Skal du søke om inntak etter fortrinnsrett må du også melde dette til fylkeskommunen før 1. oktober.
Meldeskjema ved søknad om fortrinnsrett:
Fortrinnsrett til eit særskilt utdanningsprogram (§ 6-15)
Fortrinnsrett for søkarar med sterkt nedsatt funksjonsevn (§ 6-17)
Søkarar etter individuell behandling
I tillegg til å søke vidaregåande opplæring på vigo.no må du levere inn eit tilleggsskjema innan søknadsfristen 1. februar.
Nedsett syn/høyrsel
Her finn du oversikt over rutinar, ansvar og fristar ved søknad til vidaregåande opplæring/fagopplæring for høyrselshemma elevar og elevar med nedsett synsfunksjon.
For søkarar
Saksgang ved overgang til vidaregåande opplæring for elevar med nedsett syn
Saksgang ved overgang til vidaregåande opplæring for elevar med høyrselshemming
For avgjevarskule/innsøkande instans
Rutinar i overgang til vidaregåande opplæring
Butilbod
Elevar som får opplæring etter § 3-9 i opplæringslova og som må flytte heimefrå for å gå på knutepunktskule, kan søkje om butilbod. Søknad om butilbod skal sendast saman med søknad til vidaregåande opplæring innan 1. februar.