Tildeling av ledige elevplassar etter skulestart

Onsdag 22. august blir ledige elevplassar i vidaregåande skular i Hordaland lagt ut her på nettsida til Hordaland fylkeskommune.

Det kan bli nokre ledige elevplassar i dei vidaregåande skulane i Hordaland etter at den første byttedagen var gjennomført måndag 20. august. Oversyn over desse plassane blir lagt ut på hordaland.no onsdag 22. august (kl. 18.00). Same dag kl. 19.00 presis opnar sida for tildeling av kønummer.

Kven blir kontakta?

Søkjarar på venteliste som har fått plass på sitt prioriterte utdanningsprogram/programområde, vil ikkje bli kontakta av Inntakskontoret med tilbod om plass på høgare prioritert skule etter skulestart.

Unntak: Søkjarar som har fått tildelt plass på skule/program ved 3. inntaksomgang som dei ikkje har søkt.

Søkjarar som står på venteliste til prioritert utdanningsprogram blir kontakta av Inntakskontoret før ledige plassar blir lagt ut på hordaland.no

Fordeling av ledige plassar ved vidaregåande skular i Bergen kommune

Etter skulestart blir ledige plassar ved vidaregåande skular i Bergen tildelt etter kønummersystem. Kønummer blir berre tildelt elektronisk på nett-adressa: https://ko.hfk.no. Sida opnar på hordaland.no, onsdag 22. august kl. 19.00. 14.00. Merk at det kan gå svært kort tid før dei tilgjengelege kønummera kan vere tekne.

Det er ingen som skal stille i kø utanfor fylkeshuset for å få tildelt kønummer til dei to fordelingsdagane etter skulestart.

Runde 1:

Det vil bli lagt ut inntil 270 kønummer på ovannemnde nettadresse. Det er naudsynt å ha norsk fødsels- og personnummer og aktivt mobilnummer for å kunne registrere seg.  Dei som har fått kønummer vil få melding på mobiltelefonen med tidspunkt om når dei skal møte på Inntakskontoret i fylkeshuset måndag 20. august.

Inntakskontoret har fødsels- og personnummer på dei som har fått kønummer, men legitimasjon må likevel takast med ved frammøte. Den det gjeld må sjølv møte til oppsett tid. Andre kan ikkje møte for den som ønskjer å få tildelt ny skuleplass. Søkjarar som ikkje har fått kønummer, men som likevel møter fram på Inntakskontoret, vil bli avviste.

Runde 2:

Tilsvarande rutinar som ovanfor vil gjelde for 2. runde med oppfylling av ledige plassar ved skular i Bergen. Tal kønummer som blir lagt ut, vil bli færre enn ved runde 1, inntil 180. Innlogging for å få kønummer vil vere kl. 19.00 onsdag 22. august, på ovannemnde nettadresse.

Dagen for tildeling av ledige plassar vil bli torsdag 23. august.  Det vil vere vesentleg færre plassar til fordeling i denne runden enn ved tildelinga veka før. Elles gjeld dei same reglane som under «Runde 1».

For begge rundane gjeld:  Oversyn over ledige plassar vil bli lagt ut på hordaland.no kl. 12.00 den 19. august (runde 1) og kl. 18.00 den 22. august (runde 2).

Utanfor Bergen

Ledige skuleplassar, utanfor Bergen kommune etter skulestart, blir fordelte ved at ein tek kontakt med den einskilde skule.

Skulestart er torsdag 16. august. Sjekk med skulen din når du skal møte.

Les meir om søknad og inntak

Spørsmål?
Profilbilde av Kontakt inntakskontoret
Kontakt inntakskontoret
55 23 94 60