Her finn du ei oversikt over alle dei vidaregåande skulane våre.
Dei vidaregåande skulaneKven kan søke
Du må ha fullført norsk grunnskule eller tilsvarande for å kunne søke plass i Vg1 (første året i vidaregåande opplæring). Søkjer du Vg2 eller Vg3 må du ha bestått Vg1 eller Vg2.
Søknadsfrist
Søknadsfrist var 1. mars.
Søknadsfrist 1. februar var for:
- Elevar med fortrinnsrett
- Elevar med behov for individuell behandling
- Minoritetsspråklege elevar
Korleis søkjer eg?
Du må ha fullført norsk grunnskule eller tilsvarande for å kunne søke plass i Vg1 (første året i vidaregåande opplæring). Søkjer du Vg2 eller Vg3 må du ha bestått Vg1 eller Vg2.
Søkjarar med folkeregistret adresse i Hordaland pr. 1. mars i søknadsåret blir prioritert.
Søknad 1. mars
Du søkjer på vigo.no med MinID. Dette gjeld også for deg som skal søke læreplass.
Søknad 1. februar
Digitalt Søknadsskjema (for 1. februarsøkjarar)
Dersom du ikkje har fått tilsendt MinID innan søknadsfristen, ta kontakt med Inntakskontoret i Hordaland på telefon 55239460.
Kva skule skal eg velje?
På vilbli.no kan du få informasjon om fag, utdanningsprogramma ved dei ulike skulane og kva du kan jobbe med etter endt skulegang.
Du kan óg lese meir om tilboda på dei enkelte skulane sine nettsider.
Skuleruta
Dei vidaregåande skulane følgjer i hovudsak kommunane si skulerute, men det kan variere litt frå skule til skule. Gå difor inn på skulen si nettside for å finne oversikt over ferie- og fridagar.
Rettleiande skulerute 2019/2020 Våre vidaregåande skular