Søknad og inntak - vidaregåande skule

Søknad og inntak til vidaregåande skule i Hordaland fylkeskommune. Vi har skular i heile fylket som tilbyr mange ulike studieprogram.

Kven kan søke

Du må ha fullført norsk grunnskule eller tilsvarande for å kunne søke plass i Vg1 (første året i vidaregåande opplæring). Søkjer du Vg2 eller Vg3 må du ha bestått Vg1 eller Vg2.

Søknadsfrist

Søknadsfrist var 1. mars.

Søknadsfrist 1. februar var for:

  • Elevar med fortrinnsrett
  • Elevar med behov for individuell behandling
  • Minoritetsspråklege elevar

Les meir om inntak 1. februar.

Korleis søkjer eg?

Du må ha fullført norsk grunnskule eller tilsvarande for å kunne søke plass i Vg1 (første året i vidaregåande opplæring). Søkjer du Vg2 eller Vg3 må du ha bestått Vg1 eller Vg2.

Søkjarar med folkeregistret adresse i Hordaland pr. 1. mars i søknadsåret blir prioritert.

Søknad 1. mars

Du søkjer på vigo.no med MinID. Dette gjeld også for deg som skal søke læreplass.

MinID

Søknad 1. februar

Digitalt Søknadsskjema (for 1. februarsøkjarar)

Dersom du ikkje har fått tilsendt MinID innan søknadsfristen, ta kontakt med Inntakskontoret i Hordaland på telefon 55239460.

Kva skule skal eg velje?

vilbli.no kan du få informasjon om fag, utdanningsprogramma ved dei ulike skulane og kva du kan jobbe med etter endt skulegang.

Du kan óg lese meir om tilboda på dei enkelte skulane sine nettsider.

Alle dei vidaregåande skulane våre

Skuleruta

Dei vidaregåande skulane følgjer i hovudsak kommunane si skulerute, men det kan variere litt frå skule til skule. Gå difor inn på skulen si nettside for å finne oversikt over ferie- og fridagar.

Rettleiande skulerute 2019/2020 Våre vidaregåande skular

Ofte stilte spørsmål

Kva var den nedre karaktergrensa på dei vidaregåande skulane sist år? Det skjer endringar heilt fram til første skuledag, så tala ved 1. og 2. inntaket er ikkje alltid det same som den nedre grensa for den absolutt siste eleven som fekk plass. Ta kontakt med rådgjevar på ungdomsskulen eller ring til inntakskontoret på 55 23 94 60

Korleis skjer utrekninga av poengsum? Avsluttande karakterar i alle fag blir lagt til grunn. Dei fleste har 14 standpunktkarakterar på vitnemålet og du kan ha ein eller fleire eksamenskarakterar. Både standpunkt- og eksamenskarakterar blir summerte og dividert på tal karakterar. Dette blir snittkarakteren, som vert multiplisert med 10. Då har du poengsummen din.

Eg har rota bort pin koden min, kan de gi meg ny? Nei, det er MinID som gir ut nye pin kodar. Ring 800 30 300 eller bestill på https://brukerprofil.difi.no/orderpincode/

Eg skal flytte til eit anna fylke, korleis søke då? Det er ulike reglar for kvart fylke. Ring eller send mail til opplæringsavdelinga i det fylket du skal flytte til,  så får du vite kva du skal gjere.

Kan eg byte skule midt i skuleåret? Då må du ta kontakt med skulen du vil bytte til og høyre om det er muleg.

Kan eg byte skule etter Vg1? Det kan du, men skulen vil først gje plass til dei elevane som allereie går på skulen du vil byte til.

Kan eg rekne med å komme inn på skulen som ligg nærast der eg bur? Det viktigaste er at du søkjer (eller har søkt) nærskulen din som førsteval. Ta kontakt med rådgjevar for å få nærare orientering om kva som gjev grunnlag for inntak på nærskulen og rettleiing om korleis du går fram. Lang reiseveg er det som gjev rett til skjønnsmessig vurdering av inntak på nærskulen.

Kan eg velje mellom Mac og PC og kva koster det? Ja, du kan velje mellom Mac og PC. Om du tek det på avbetaling over 3 år er kostnaden lik det årlege grunnstipendet frå Lånekassen.

Les meir om elev-PC

Eg ønskjer å gjere eit omval på Vg2, men får ikkje det til i søknadskjema, kva gjer eg feil? Du må setje grunnskule som bakgrunnsinformasjon, ikkje Vg1.

Eg ønskjer å gjere eit kryssløp frå Vg1 til Vg2. Kva er mogleg på skulen min? Sjekk vilbli.no, der finn du all informasjon om slik endring. Dersom du framleis er usikker, ring inntakskontoret på 55239460.

 Sjå også Søkjarhandboka 2019 for meir informasjon

 

Spørsmål? Telefon og besøkstid 09.00-14.00
Profilbilde av Kontakt inntakskontoret
Kontakt inntakskontoret
55 23 94 60