Vg 2 i utlandet

Er du elev ved ein av dei vidaregåande skulane i Hordaland kan du ta heile eller deler av andre året på vidaregåande (Vg2) i utlandet.

Frankrike

Tilbodet gjeld elevar som går Vg1 Studiespesialiserande utdanningsprogram med fransk som framandspråk og som ønskjer å ta andre året (Vg2) på ein vidaregåande skule i Frankrike. Dei fem samarbeidsskulane våre ligg i Normandie.

Voss gymnas koordinerer dette tilbodet.

Skottland

Dette er eit tilbod til elevar som går Vg1 Studiespesialiserande og som ønskjer å ta andre året (Vg2) på ein vidaregåande skule i Skottland. Samarbeidsskulen ligg i byen Dalkeith, om lag 20 minuttar frå Edinburgh.

Det er Amalie Skram videregående skole som koordinerer dette tilbodet.

Tyskland

Dette er eit tilbod til elevar som ønskjer å ta andre året (Vg2) på ein tysk vidaregåande skule og som anten går:

  • Vg1 Elektrofag og som ønskjer å gå på Vg2 Data og elektronikk, El-energi eller Automatisering  eller
  • Vg1 Studiespesialisering med tysk som framandspråk

Samarbeidsskulane våre ligg i Erfurt. Skulen som koordinerer dette tilbodet er Askøy videregående skole.

USA

Dette er eit tilbod til elevar som går Vg1 Studiespesialiserande, og som ønskjer å ta andre året (Vg2) på ein vidaregåande skule i USA. Samarbeidsskulen vår ligg i Missouri.

Det er Kvam vgs som koordinerer dette tilbodet.

Wales

Dette er eit tilbod til elevar som går Vg1 Studiespesialiserande og som ønskjer å ta andre året (Vg2) på ein vidaregåande skule i Storbritannia. Samarbeidsskulane våre ligg i Cardiff-området.

Det er Knarvik vidaregåande skule som koordinerer dette tilbodet.

Korleis søkjer eg?

Du søker på vigo.no.

I tillegg må du fylle ut eit søknadsskjema. Du finn skjemaet på nettsida til skulen som koordinerer tilbodet.

Skulane som koordinerer tilboda

Alle Vg 2-klassane i utlandet har ein koordinatorskule som m.a. står for kontakten med vertsskulane og oppfølgjinga gjennom skuleåret.

Elevane som er i utlandet er heile tida registrert som elev ved koordinatorskulen og har derfor dei same rettane som elevar som blir i Noreg.

Samarbeidsskulane har også kontaktlærar som har den daglege oppfølgjinga av elevane, og som dei kan vende seg til dersom dei får problem.

Kostnader ved opphaldet

Vg 2 i utlandet gir same rettar som andre utdanningsordningar, mellom anna rett til bortebuar- og reisestipend hos Statens Lånekasse. Dette dekkjer dei fleste utgiftene til kost, losji og heimreiser.

Korleis søkjer eg Vg3 etter skuleår i utlandet?

Koordinatorskulen hjelper deg med å velje fag som gjer at skuleåret blir godkjent.

I tillegg vil kontaktskulen gi deg undervisning i norsk, anten som fjernundervisning eller i form av undervisningsdagar når du kjem tilbake etter skuleåret er slutt.

Du søker deg vidare til Vg3 på vanleg måte før 1. mars på vigo.no.

Du vil som hovudregel få plass ved same skule som du gjekk Vg1, dersom du sjølv ønsker det. Elevar som tar Vg2 heime i Hordaland, vil ha førerett til inntak ved same skule i Vg3, og det kan derfor hende at det vil bli for mange søkjarar i høve til plassar på nokre få skular i Bergensområdet.

Lokal forskrift om inntak og formidling

Har du spørsmål kan du også ta kontakt med den aktuelle skulen eller med
Profilbilde av Kontakt inntakskontoret
Kontakt inntakskontoret
55 23 94 60
Profilbilde av Berit Roksvåg
Berit Roksvåg