Ungdomsrett
Etter fullført ungdomsskule har alle elevar rett til tre års vidaregåande opplæring. Dette blir kalla Ungdomsrett.
Fakta om ungdomsrett:
- Søkarar med Ungdomsrett blir prioriterte framfor alle andre søkargrupper til vidaregåande skular.
- Du har Ungdomsrett i Hordaland dersom du har folkeregistrert adresse i fylket vårt pr. 1. mars i søknadsåret, eller kan dokumentere at du skal flytte til Hordaland med/til foreldre/føresette før skulestart i august.
- Retten må takast ut før det kalenderåret du fyller 25 år.
- Dersom du sluttar etter 1. november i skuleåret har du brukt eitt år av den treårige opplæringsretten din.
Retten til omval av utdanningsprogram/programområde:
Dersom du etter ei tid finn ut at du har byrja på eit utdanningsprogram/programområde som ikkje interesserer deg så mykje, kan du gjere eit omval og automatisk får utvida opplæringsretten med eitt eller to år.
Les meir om omvalsretten på vilbli.no
Utvida rett
Dersom du på grunn av sjukdom, svangerskap/omsorg for barn, militærteneste eller andre særlege (sosiale) årsaker treng utvida rett, kan det søkast om utviding av ungdomsretten for å få fullført opplæringa.
Ofte blir slike søknader sendt frå skulen din eller OT/PPT, men du kan også søke om dette på eiga hand dersom du kan legge ved naudsynt dokumentasjon.
Sjå også informasjonen om utvida rett med inntil to år for elevar som har rett til spesialundervisning/særskilt språkopplæring.
Vaksenrett
Vaksne har rett til gratis vidaregåande opplæring, rettleiing og realkompetansevurdering. Vaksenretten startar det året du fyller 25.
Du har vaksenrett viss du:
- har fullført grunnskule eller tilsvarande
- ikkje har fullført vidaregåande utdanning
- fyller 25 år eller er eldre
- søker i heimfylket ditt (Hordaland)
- har gyldig opphaldsløyve (gjeld minoritetsspråklege)
Vaksne skal primært bruke opplæringstilbod som er retta mot dei. Vaksne kan òg søke opptak i ordinær vidaregåande skule, men blir då prioritert etter søkarar med ungdomsrett.
Fullføringsrett
Dette gjeld alle som ikkje lenger har Ungdomsrett eller Vaksenrett, men som har byrja på ei ny vidaregåande utdanning. Retten er ikkje tidsavgrensa.
Denne gruppa blir prioritert etter søkarar med Ungdomsrett og Vaksenrett (dvs. prioritet 3 i inntaket).
Rett til vidaregåande opplæring i inntil to år ekstra
Elevar som har rett til spesialundervisning har rett til inntil to år ekstra i vidaregåande opplæring når eleven treng dette for å kunne nå opplæringsmåla for den einskilde. Det er krav om sakkunnig vurdering frå OT/PPT før vi kan gjere vedtak om utvida tid.
Retten gjeld også for elevar som har rett til opplæring i og på teiknspråk, for elevar som har rett til opplæring i punktskrift, og for elevar med rett til særskild språkopplæring. For desse elevgruppene gjeld ikkje kravet om å oppfylle vilkåra for spesialundervisning.