Eg har det ikkje bra på skulen?

Kva kan du som opplev mobbing gjere, kven du kan snakke med og tips til nettsider om mobbing.

Det viktigaste du gjer

  • fortel det til nokon på skulen (til kontaktlærar eller nokon andre du stoler på)
  • fortel det også om du blir mobba/krenka på nettet eller på fritida
  • Ta kontakt med meg om du ikkje blir hørt på skulen eller ønskjer råd
  • husk óg at du kan melde saka til fylkesmannen i Hordaland

Kva skal skulen gjere?

  • Skulen skal ta deg på alvor! Det er di oppleving av korleis du har det som betyr noko
  • Alle tilsette i skulen har plikt til å hjelpe deg
  • Den du fortel det til skal varsle rektor
  • Skulen skal undersøkje saka
  • Skulen skal holde deg oppdatert undervegs om kva dei gjer og kva dei planlegg å gjere. Det er vanleg å bli invitert til eitt eller fleire møte
  • Skulen skal snarast lage ei aktivitetsplan. Du skal få vere med å utforme planen. Planen skal innehalde dei tiltaka du og skulen meiner vil sørgje for at du får det bra på skulen.
  • Skulen skal sette i gang eigna tiltak for at du skal få det betre på skulen. Døme på tiltak kan vere oppfølging av dei som plagar deg, opplegg for å betre klassemiljøet, samtalegrupper osb.
  • Tiltaka skal bli evaluert. Om tiltaka ikkje hjelper, må ein sette i gang nye tiltak.

Husk også at skulen skal følgje med på om alle har det bra. Alle tilsette skal gripe inn om dei ser eller mistenker at nokon blir plaga eller krenka.

Kva skal aktivitetsplanen innehalde?

  • Kva problem ein skal løyse
  • Kva skulen har planlagt
  • Når tiltaka skal gjennomførast
  • Kven som er ansvarleg
  • Når tiltaka skal evaluerast
  • Det må også stå noko om evaluering og korleis skulen skal følgje deg opp

Kva om skulen ikkje gjer nok(o)?

Du kan då melde saka til:

Eller du kan kontakte meg, mobbeombodet i Hordaland, Mari-Kristine Morberg, om du ønskjer å drøfte saka di.

NB: Ikkje send e-post som inneheld personsensitive og teiepliktige opplysningar

Alle elevar har rett til eit godt psykososialt læringsmiljø, som fremjar helse, trivsel og læring. Det gjeld også deg!

Les meir om dine rettar på nullmobbing.no.

Malar for å be om tiltak eller for å melde saka

Nettsider som kan vere til hjelp

  • nullmobbing.no  -  Utdanningsdirektoratet si side for skulemiljø
  • slettmeg.no - ei råd– og rettleiingsteneste for deg som kjenner deg krenka på nett
  • politiet.no - tips politiet eller meld saka
  • dubestemmer.no - om personvern, nettvett og digital dømmekraft
  • fug.no – Foreldreutvalet for grunnopplæringa – mest for føresette

Treng du nokon å snakke med?

Du kan også snakke med Mari-Kristine Morberg (mobbeombodet i Hordaland)