Skuletilbod for minoritetsspråklege

Er du mellom 16 og 25 år kan du søke ordinær vidaregåande opplæring i Hordaland. Voksenopplæring tilbyr vidaregåande opplæring for deg som er over 25 år.

Kven kan søke vidaregåande opplæring

Er du mellom 16 og 25 år kan du søke ordinær vidaregåande opplæring i Hordaland. Voksenopplæring tilbyr vidaregåande opplæring for deg som er over 25 år.

For å kunne søke opplæring må du:

  • dokumentere at du har fullført norsk grunnskuleopplæring eller tilsvarande (vitnemål eller stadfesting). Kan du ikkje dokumentere grunnskuleopplæring, må du kontakte kommunen der du bur slik at dei kan vurdere om du har realkompetanse.

  • ha lovleg opphald i Noreg. Med lovleg opphald meiner vi at du har fått innvilga fast eller midlertid opphald i landet. Du har også lovleg opphold i Noreg hvis du kan dokumentere at du har søkt om dette, eller at du har klaga på avslått oppholdstillatelse. Elevar som har blitt tatt inn til vidaregåande opplæring har ikkje rett til å fullføre skuleåret dersom søknad om opphald blir endeleg avslått.

Kva kan du søke

Du kan søke på Studiespesialiserande innføringstilbod for minoritetsspråklege eller på ordinære utdanningsprogram. Vi har også nokre ordinære utdanningsprogram som er tilpassa minoritetsspråklige. Kor gode norskkunnskaper du har avgjer kva du bør velje.

Studiespesialiserande innføringstilbod

Dei aller fleste som nyleg har komme til Noreg må søke plass på studiespesialiserande innføringstilbod. Dette gjeld også andre som meiner at dei har så svake norskkunnskaper at dei ikkje kan klare å følgje undervisninga i ordinært utdanningsprogram.

Innføringstilbodet gir grunnleggande norskopplæring i tillegg til undervisning i andre basisfag som til dømes matematikk, engelsk og samfunnsfag.

Med denne opplæringa i norsk vil du betre klare å følgje eit ordinært utdanningsprogram på Vg1 året etter. Kurset gir ingen formell kompetanse utover dette.

For å kunne søke må du ha fylt 16 år, eller fylle 16 år inneverande år. Du må også ha grunnopplæring frå heimlandet som tilsvarer norsk grunnskule.

Skular i Hordaland som har innføringstilbodet for minoritetsspråklege: 

Bergen Katedralskole

Kvam vidaregåande skule

Kvinnherad vidaregåande skule

Voss gymnas

Årstad videregående skole

Åsane videregående skole

Ordinære utdanningsprogram

I Bergen har vi ordinære utdanningsprogram som er tilpassa minoritetsspråklege søkjarar. Programma er for søkjarar som har for lite norskkunnskapar til å kunne gå i eit ordinært Vg1, men som likevel kan ein del norsk. 

Ved Bergen Katedralskole gjeld dette Vg1 Studiespesialiserande. Ved Åsane videregående skole kan du ta Vg1 Helse- og oppvekstfag for minoritetsspråklige søkarar. Ved Fyllingsdalen videregående skole har dei bådeVg1 Studiespesialiserande og  Vg1 Helse- og oppvekstfag for minoritetsspråklige.

Etter fullført og bestått Vg1 for minoritetsspråklege, kan du søke om inntak til ordinære Vg2-kurs ved ordinære utdanningsprogram.

Slik søkjer du

Du kan registrere søknaden din på www.vigo.no når du har fått norsk fødsel- og personnummer, og koder/passord frå MinID.

Har du ikkje dette må du fylle ut søknadsskjema på papir og sende inn 2 eksemplar til Hordaland fylkeskommune, Inntakskontoret, postboks 7900, 5020 Bergen.

Søknadskjema        Application form

Søknadsfristen er 1. mars, men det er tre grupper minoritetsspråklege søkjarar som skal søkje 1. februar:

  • Søkjarar med rett til særskild språkopplæring etter § 2-8 og som manglar vurdering med karakter i minst halvparten av faga (sjå forskrift § 6-23)
  • Søkjarar utan talkarakterar eller utan samanliknbart karaktergrunnlag (sjå forskrift § 6-24). Dette kan t.d. gjelde dei som har fått godkjent grunnskuleopplæring gjennom realkompetanse- vurdering frå kommunen.
  • Minoritetsspråklege søkjarar (også med karakterar) som ønskjer plass på innføringstilbod eller på eit tilbod tilrettelagt for minoritetsspråklege søkjarar.

Digitalt søknadsskjema for 1. februar søkere

 For meir informasjon om søknad 1. februar sjå informasjonsheftet

For dei som søkjer 1. februar må skulane også fylle ut eit vurderingsskjema med frist 1. juni.

Morsmål som framandspråk

Har du lyst å bruke morsmålet ditt som framandspråk kan du ta det som privatist. 

Les meir på sida Privatist

Meir informasjon

Læreplan for Studiespesialiserande innføringstilbod

Handbok for opplæring av minoritetsspråklege elevar i Hordaland

www.vilbli.no finn du blant anna informasjon om dei ulike faga du kan velje mellom. Informasjonen blir gitt på mange språk.

Er du over 25 år kan du søke utdanning for vaksne.

Du kan også ta kontakt med Inntakskontoret, på e-post inntak@hfk.no, tlf. 55 23 94 60 eller besøke oss i Agnes Mowinckels gate 5 i Bergen.

Har du spørsmål? Telefontid kl. 09:00-14:00
Profilbilde av Kontakt inntakskontoret
Kontakt inntakskontoret
55 23 94 60