Lover, reglar og rettleiingar for vidaregåande skule

Her finn du informasjon om kva lover og reglar som gjeld for dei vidaregåande skulane i Hordaland.

Opplæringslova

Opplæringslova gjeld for alle offentlege skular i Noreg, og har eige kapittel om vidaregåande skular og fagopplæring. Lova finn du på www.lovdata.no

Forskrift til opplæringslova har utfyllande reglar og den finn du også på www.lovdata.no

Utdanningsdirektoratet har ansvaret for å tolke lovverket og publiserer jamleg rettleiingar og tolkingar av regelverket på nettstaden deira www.udir.no

I tillegg til desse nasjonale reglane, finns det lokale reglar for dei vidaregåande skulane i Hordaland.

Forskrift om inntak og formidling

Forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass inneheld reglar om korleis inntaket til vidaregåande skular skal gjerast, og kva reglar som gjeld for formidling til læreplass. Forskrifta finn du på www.lovdata.no 

Lokal forskrift om inntak og formidling (PDF)

Ordens- og åtferdsreglementet

Det er laga eit felles ordens- og åtferdsreglement som gjeld for alle dei vidaregåande skulane i Hordaland. I tillegg til dette kan dei einskilde skulane ha tilleggsreglement, desse finn du på skulane sine nettstader eller ved å kontakte skulen.

Ordens- og åtferdsreglementet (PDF)

Fråværsgrense

Frå 1. august 2016 er det innført fråværsgrense for elevar i dei vidaregåande skulane.
Hensikta med innføring av fråværsgrense er å motivere elevane til jamn innsats og å forhindre skulk. Fråværsgrensa gjeld for elevar i vidaregåande skule, men ikkje for lærlingar, lærekandidatar og vaksne.

Rundskriv Udir. 2016

Meir om fråvær på udir.no

Retningslinjer for lokalt gitt eksamen

Retningslinjene for lokalt gitt eksamen gjeld for alle vidaregåande skular i Hordaland, både fylkeskommunale og private. Lokalt gitt eksamen er alle eksamenar som ikkje er laga av Utdanningsdirektoratet.

Retningslinjer for lokalt gitt eksamen (PDF)

Førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme

Med denne rettleiaren ønskjer vi å gje eit praktisk verktøy for å følgje opp og førebyggje at personar blir radikalisert. Han er retta mot tilsette i førstelinjetenesta som grunnskule, vidaregåande skule, barnehagar, NAV, barnevern og liknande, men vil òg vere relevant for andre.

Førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme - ein rettleiar (PDF)