Endring av vgs-søknad

Du kan søke om å endre søknaden din til vidaregåande opplæring frå 1. mai til 5. juni.

Omprioritering vil berre bli godkjent viss det ikkje går ut over andre søkjarar. Dersom ein skule har fleire søkjarar enn det er plassar, får du ikkje omprioritert søknaden din. Unntaket er dersom det er særlege årsaker, som til døme flytting, som gjer det tungvint eller umogeleg å gå på den skulen du har søkt tidlegare.

Svar innan 2-3 dagar

Kvar søknad om endring blir behandla individuelt.

Send søknaden om endring til inntak@hfk.no. Du må opplyse fødsels- og personnummer. Du vil som hovudregel få svar i løpet av ein til to dagar på e-post. Sender du søknaden din på papir kan du måtte vente opp til to veker før du får svar.

Ingen klagerett

Sidan du ikkje har formell rett til å få endra søknaden, har du heller ikkje formell klagerett dersom søknaden blir avslått.

Merk at du berre kan søkje om omprioritering éin gong, og søknader blir ikkje behandla etter 5. juni.