Elev- og lærlingombodet

Sigrid Isdal er elev- og lærlingombod i Hordaland. Ho arbeider for at du som er elev, lærling eller lærekandidat får oppfylt dine rettar.

Sigrid gir råd, rettleiing og støtte til elevar, lærlingar og lærekandidatar. Ho kan følgje opp di sak og bidra til kvalitetssikring når det gjeld opplæringa i skule og bedrift.

Ombodet skal vera pådrivar for at dei som arbeider innanfor vidaregåande opplæring oppfyller pliktene dei har etter opplæringslova.

Elev- og lærlingombodet samarbeider med alle partar i vidaregåande opplæring og lærebedrifter.

Ho har teieplikt.

Dette kan elev- og lærlingombodet hjelpe deg med

  • Svare på spørsmål frå elevar, lærlingar og lærekandidatar, og gje råd og rettleiing.
  • Informere om rettar og plikter for å styrke elevar, lærlingar og lærekandidatar sin medverknad i opplæringa.
  • Halde kurs og informasjonsmøte, og å gi rettleiing i tema som er relevante for elevar, lærlingar, lærekandidatar, elevråd, skulen og lærebedrifter.
  • Gi råd og støtte til elevar, lærlingar og lærekandidatar i klagesaker- om det er noko ved skulen, bedrifta eller opplæringa som ikkje er som det skal vera.

Elev- og lærlingombodet sine arbeidsoppgåver

  • Arbeide for at elevar, lærlingar og lærekandidatar får oppfylt rettane sine.
  • Arbeide aktivt for å sikre god informasjon og kunnskapsformidling til elevar og lærlingar om rettar og plikter knytt til opplæringa.
  • Styrke og vidareutvikle elevar, lærlingar og lærekandidatar sin medverknad og deltaking i opplæringa.
  • Møte med relevante samarbeidspartnarar.
  • Gi rettleiing i einskildsaker knytt til utfordringar i opplæringa, og eventuelt ta opp saker på vegner av elevråd, klassar, eller skular.
  • Løfte prinsipielle saker til politisk og administrativt nivå.