Tilrettelegging av eksamen

Dersom du har funksjonsnedsetting, sjukdom eller andre særlege behov som gir deg vesentlege ulemper i forhold til andre på eksamen, kan du søkje om tilrettelegging.

Du kan søkje om tiltak som skal kompensere for ulempene funksjonsnedsettinga di fører med seg når du tek eksamen. Vanlege tilretteleggingar er utvida tid og opplese oppgåvetekst.

Eksamenskontoret kan ikkje innvilge tiltak som vil gi deg fordelar framfor andre kandidatar eller tiltak som er så omfattande at du ikkje blir prøvd i kompetansemåla i faget. Eksamenskontoret kan heller ikkje leggje til rette for å vege opp for manglande kompetanse eller norskkunnskapar.

Du kan lese meir om tilrettelegging i Forskrift til opplæringslova.

Eksamenskontoret gjer vedtak om kva tilrettelegging du skal få. Du vil få brev med vedtaket. Om du meiner at  eksamenskontoret har gjort feil vedtak, kan du klage.

Hugs at du må sende ny søknad  og levere ny dokumentasjon kvar eksamensperiode!

Ettersende dokumentasjon

Dersom du ikkje har dokumentasjonen klar, eller om du har ny dokumentasjon, kan du bruke du ettersende dette.

Her finn du skjema for ettersending av dokumentasjon.

Krav til dokumentasjon

Du må dokumentere at du treng tiltaka du søkjer om. Eksempel på dokumentasjon kan vere uttale frå sakkunnig person til dømes lege eller psykolog. Dersom du har lese- og skrivevanskar (dysleksi), må uttalen kome frå Pedagogisk /psykologisk teneste (PPT) eller logoped (MNLL).

Dokumentasjonen skal beskrive vanskane dine og korleis desse påverkar deg i eksamenssituasjonen.

Elektronisk ID

Profilbilde av Kontakt eksamenskontoret
Kontakt eksamenskontoret
55 23 95 55