Meld deg til eksamen
For å melde deg til eksamen, må du lage deg ein profil på privatistweb.
Oppmeldingsfristen er 1. februar om våren og 15. september om hausten.
Meld deg til eksamenDet er mogleg å melde seg opp to gongar i året - 1. februar og 15. september. Privatistweb opnar 14 dagar før oppmeldingsfristen.
Privatistar skal betale eksamensavgift. I 2019 er prisen per eksamen:
- 1114 kroner dersom du ikkje har bestått faget tidlegare
- 2231 kroner dersom du har bestått same eller tilsvarande fag tidlegare
Du melder deg til eksamen og betaler eksamensavgifta på privatistweb. Oppmeldinga er ikkje gyldig før du har betalt avgifta.
I nokre fag må privatistar ta meir enn ein eksamen. Det er ein fagkode for kvar eksamen. For å få faget godkjent må du ta alle eksamenane i faget.
Her finn du meir informasjon om dei ulike faga.
Dersom du ikkje finn faget du ønskjer å ta eksamen i på privatistweb, må du ta kontakt med eksamenskontoret.
Her finn du informasjon om eksamensdatoar og eksamenslokale
Eksamen i utlandet
I nokre særlege tilfelle er det høve til å ta eksamen i utlandet.
Her finn du meir informasjon om ordninga.
Du må sende søknaden til eksamenskontoret. Fristen for å søke er 15. februar om våren og 15. oktober om hausten.