Sensur og dokumentasjon

Når eksamensresultata er klare vil dei bli lagt ut på privatistweb .

Når er eksamensresultatet klart?

Munnleg og munnleg-praktisk eksamen:

Du får opplyst kva karakter du har fått når eksamen er ferdig. Du skal kvittere for at du har motteke karakter og munnleg grunngjeving.

Skriftleg eksamen:

Om våren er karakterane frå skriftleg eksamen klare i siste del av juni, om hausten i starten av januar. Sensur frå hausten 2018 vil bli publisert på privatistweb i veke 2.

Klage på eksamensresultatet

Her kan du lese om korleis du kan klage på eksamensresultatet.

Kompetansebevis

Om du treng kompetansebevis med karakterar frå hausteksamen, må du du bestille det.

Les meir om korleis du kan bestille kompetansebevis her.

Duplikat av kompetansebevis

Om du treng kompetansebevis, må du ta kontakt med eksamenskontoret på e-post.

Om du treng eit nytt kompetansebevis, kan eksamenskontoret lage eit duplikat, det kostar 250 kroner.

Karakterar frå privatisteksamen på vitnemål

Dersom du allereie har eit vitnemål og ønskjer å få karakterane frå privatisteksamenane på det, skal du kontakte skulen du fekk det opphavlege vitnemålet ditt frå.

Dersom du ikkje har eit vitnemål frå før og fullfører vidaregåande som privatist, skal du kontakte eksamenskontoret  for å få vitnemål. Ta gjerne kontakt i god tid så vi veit at vi skal skrive vitnemål til deg når karakterane er klare.

Karakterskala

I vidaregåande opplæring blir karakterskalaen 1 til 6 nytta der 6 er beste karakter. 2 eller betre er bestått karakter.

Profilbilde av Kontakt eksamenskontoret
Kontakt eksamenskontoret
55 23 95 55